Før tatovering må følgjande vere avklart:
- Alle sår og suturlinjer må vere fullstendig tilhela - minimum ei veke før tatovering blir utført.
- Du må vere nøgd med resultatet/utsjånaden av brystvortekonstruksjonen og brystet elles.
Ta kontakt i god tid i førekant av tatoveringa dersom du er i tvil om noko av dette eller du ønskjer å samtale med lege.
Det er ikkje naudsynt med noko førebuing før timen ved poliklinikken. Men vi ønskjer at du kjøper Emla plaser på apoteket, og festar på brystvorta som skal taoverast omlag ein time før timen din på poliklinikken. Vi tek den av når du kjem til oss.