TSB er heimla i spesialisthelsetenestelova, og pasientane sine rettar går fram av Lov om pasientrettar.
Målgruppe
Personar over 18 år med rusrelaterte skader/lidingar etter bruk av ulike rusmidlar og som har psykiske lidingar, pasientar knytt til §12 i Lov om straffegjennomføring og LAR
Korleis kan ein få plass på Rus døgn?
Ynskjer du hjelp hjå oss kan du kontakte fastlegen din, NAV-kontor eller spesialkonsulent innan rus i kommunen eller i spesialisthelsetenesta. Dei som har tilbod om brukarstyrt seng kan kontakte døgnposten direkte.
Vi ynskjer å førebu innlegginga med ein samtale der du har høve til å uttrykke ynskje og val ut frå behandling, behov og motivasjon.
Behandlingsideologi:
Omsorg, tryggleik, respekt, tillit, meistring og glede.
Behandlinga i rusposten:
All behandling skal vere:
• Individuell og målretta
• Med brukarmedverknad
• Forankra i vitskapleg dokumenterte metodar
Behandlingstype som ligg til grunn:
Miljøterapi, medikamentell behandling, treningsterapi og gruppeterapi.
Døgnposten har sterkt fokus på brukarmedverknad. Gjennom heile opphaldet får du vere medansvarleg for eiga behandling. Motivasjonen for å gjere noko med tilhøvet til rus er viktig for at du skal kunne nå måla dine.
Behandlinga er delt inn i 3 fasar:
Avrusing: Prosessen som fjernar giftstoff frå kroppen. 2-4 veker.
Stabilisering: Behalde oppnådd endring, og førebuing til å meistre tilværet utan rusmidlar over tid. 4-6 veker.
Rehabilitering: Den endringsprosessen som skal til for at ein pasient med rusliding skal oppnå best mogeleg funkjsjons -og meistringsevne, sjølvstende og vere sosialt deltakande i samfunnet.