Behandlinga på Tronvik tilbyr oppfølging av primærteam, individualterapi, gruppeterapi, somatisk oppfølging, familie/pårørandearbeid, systematisk fysisk aktivitet,
samt fokus på søvn, kvile, livsstil og kosthald. Vi har gjennom mange år utarbeidd gode system for brukarmedverknad og har erfaringskonsulent tilsett.
Målgruppe
Personar over 18 år med rusrelaterte skader/lidingar etter bruk av ulike rusmidlar og som har psykiske lidingar, pasientar knytt til §12 i Lov om straffegjennomføring og LAR.
Korleis kan ein få plass på Rus døgn?
Ønskjer du hjelp hjå oss kan du kontakte fastlegen din, NAV-kontor eller spesialkonsulent innan rus i kommunen eller i spesialisthelsetenesta. Dei som har tilbod om brukarstyrt seng kan kontakte døgnposten direkte. Vi ønskjer å førebu innlegginga med ein samtale der du har høve til å uttrykke ønskje og val ut frå behandling, behov og motivasjon.
Målsetting/behandlingstilbod
Vi ønskjer at du skal oppleve meistring og glede! Behandlinga er individuell og målretta, og vert planlagt saman med deg. Den er forankra i vitskapeleg dokumenterte metodar, og inkluderer samtalar, medikamentell behandling, treningsterapi og gruppeterapi. Vi har sterkt fokus på brukarmedverknad. Gjennom heile opphaldet får du vere medansvarleg for eiga behandling. Motivasjonen for å gjere noko med tilhøvet til rus er viktig for at du skal kunne nå måla dine.
Behandlinga er delt inn i 3 fasar:
- Avrusing: Prosessen som fjernar giftstoff frå kroppen. 2-4 veker.
- Stabilisering: Behalde oppnådd endring, og førebuing til å meistre livet utan
rusmidlar over tid. 4-6 veker. - Rehabilitering: Den endringsprosessen som skal til for at du skal oppnå best
mogeleg funksjons- og meistringsevne, sjølvstende og å vere sosialt deltakande i
samfunnet.
Kompetanse
Rus døgn har psykiater, psykolog, sosionomar, sjukepleiarar med spesialisering innanfor rus, psykiatri og gruppebehandling.
Grunnreglar
Nei til rus. Nei til vold. Nei til trugsmål om vald.
Vi vil tilby eit føreseieleg miljø der alle kan vere trygge. Reglane gjeld sjølvsagt i sengeposten, men og på treningsturar/permisjonar. Brot på desse grunnreglane kan medføre utskriving.
Låning mellom pasientar
Låning mellom pasientar vert ikkje anbefalt. Rus døgn er ikkje ansvarleg for ting som vert lånt mellom pasientar. Du har sjølv ansvar for eigendelar du tar med deg i fellesrom.
Fellesrom
Vi har 2 tv-stover i kvar etasje. I fellesmiljøet vil vi at alle skal føle seg velkomen, og ikkje føle at dei forstyrrer andre. Difor skal lyset på heile fellesområde vere på heile tida. Vi ventar at du ryddar etter deg for å oppretthalde felles trivsel.
Rom og besøk
Alle har sitt private rom kor dei kan vere åleine om dei ønskjer det. For nokre kan det vere vanskeleg å setje grenser og kreve å få ro. Difor har vi nokre retningslinjer for miljøet som gjeld for alle:
- Det er ikkje høve til å ha besøk på romma. Vi har eigne besøksrom.
- Pasientromma er møblert. Du har ikkje høve til å ha med deg eige TV-apparat/video/dvd-spelar på grunn av branntryggleik og fellesskapsmessige årsaker.
- Du kan ta med deg radio/CD-spelar, men hugs å ta omsyn til dine medpasientar med tanke på støy. Du kan også ha med deg eigen bærbar pc.
- Alle må vaske og rydde romma sine minst ein gong i veka. Romma blir også vaska ein gong i veka av reinhaldar. Rommet må då vere ryddig, elles vert det ikkje vaska.
- Nøkkel til rom vert utlevert når du kjem til avdelinga. Nøkkel skal leverast inn når du dreg på eventuell permisjon.
- Rus døgn har ikkje ansvar for pengar og verdisaker som vert oppbevarte på pasientromma. Ta difor med minst mogleg av dette til avdelinga.
Medisinar og ruskontroll
Det er berre tillate å nytte medisinar som er føreskreve eller godkjent av lege ved Rus døgn. Ruskontroll vil skje jamnleg i samarbeid med deg. Testar vil bli tatt etter turar/permisjonar, og vil bli tatt i form av alkometer eller blod-/urintest i påsyn av personale. Dette gjeld all form for rusmiddel med unntak av medikament som er ordinert av behandlande lege ved Rus døgn.
Telefon/mobilbruk
Vi oppfordrar familie og venner til å ringe mellom klokka 15.30 og 22.00. Privat mobiltelefon er tillate å bruke på eige rom etter avslutta dagsprogram og fram til kl 23.00. Mobiltelefon skal ikkje nyttast nattestid. Av omsyn til dine medpasientar skal du ikkje fotografere eller filme.
Post
Privat post som kjem til pasientar vert utlevert av personalet i avdelinga. Pakkar/konvoluttar kan bli krevd opna i påsyn av avdelingspersonalet.
Økonomi
Du har sjølv ansvaret for å ordne din økonomi. Treng du økonomisk rådgjeving vil du få hjelp av sosionom.
Røyking og levande lys
Røyking er berre tillate på tilviste stadar ute. På grunn av brannfaren er det forbod mot å tenne levande lys på pasientromma og i fellesromma.
Vaskemaskin
Du kan nytte vaskemaskin og tørketrommel til privat vask. Syt for at du tømmer maskina/trommelen for klede så snart dei er ferdige. Vaskerommet vert stengt kl 22.00.
Pakkeliste – kva bør du ha med deg?
Ta med klede til vanleg bruk, toalettsaker, klede og sko til trening og tur, eventuelt symjeklede, ein liten tursekk, regnklede og støvlar. Ta og med kodebrikke til nettbank eller BankID på mobil*. Handklede og sengetøy får du i avdelinga.
* til bruk i vårt tilbakemeldingssystem, der du svarar elektronisk på ei rekkje spørsmål om korleis du har det og om behov du har knytt til behandlinga.
Morgonmøte
Måndag til fredag i tidsrommet 08.45 - 09.15. Her blir all informasjon for dagen lagt fram. Dette er òg eit forum for spørsmål og diskusjonar. Møteplikt.
Vekeplan
Planen vert utarbeidd i lag med pasient. Målet er at du skal vere i planlagt aktivitet mellom klokka 09.15 og 15.00.
Aktivitetstilbod
Som eit ledd i behandlinga er det forventa at du deltek på ulike aktivitetar. Tronvik har fleire ulike tilbod; aktivitetsterapi, turar og trening, symjing, arbeidslag, og ei utegruppe der du får arbeidstrening knytt til vedlikehald av eigedomen. Det er mogeleg å nytte musikkrom og gymsal på kveldstid og helg. I tillegg kan du benytte deg av den lokale symjehallen, turgåing i skog og fjell, fisking og båt på fjorden. Aktivitetar på kveld/helg i regi av sengeposten, vil komme på oppslagstavla.
Søvn og vekking
God søvn er viktig for helsa. TV-sjåing og bruk av pc avsluttar vi seinast kl. 24.00. Kjøkkenet vert stengt kl 23.00. For felles ro skal det vere stilt i begge etasjane kl 24.00. Ta kontakt med personale om du ikkje får sove. Du er sjølv ansvarleg for å stå opp i rett tid for frukost og aktivitetar. Bruk eiga vekkarklokke eller gjer avtale med personalet.
Permisjonar og utgong
Første månaden ved sengeposten er det ikkje vanleg å få innvilga permisjon til treningstur. Etter kvart vil treningsturar bli ein del av behandlingsopplegget. Ønskjer du permisjon ein eller fleire dagar, må du levere inn permisjonssøknad til tverrfagleg behandlingsmøte (måndagar).
Den første veka ved sengeposten vil du få utgang med følgje. I samråd med din behandlar vil dette fortløpande verte justert. Du må alltid informere miljøpersonale når du forlet sengeposten, også når du kjem tilbake.
Måltid
Frukost: 08.00 – 08.45 (Helg: 08.30 – 09.30)
Lunsj: 11.00 – 11.30
Middag: 15.00 – 15.30
Kvelds: 19.30 – 20.00
For turar og ulike aktivitetar utanfor avdeling må du smøre deg niste.