Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gruppe bygninger i en dal

Meir om døgnavdelinga

Pasientane som er innlagt hjå oss kjem stort sett frå Årdal, Lærdal, Aurland, Luster, Sogndal og Vik. Kvar pasient vil få ein hovudbehandlar (lege eller psykolog) og som oftast vil behandlar samarbeide med dei andre yrkesgruppene.

Et hus med innkjørsel

Vi er ei døgnavdeling med til saman 13 døgnplassar. Det er 12 ordinere plassar, og 1 brukarstyrt plass. Brukarstyrt plass betyr at det er enkelte pasientar som har ei skrifteleg avtale med avdeling og behandlarar at dei kan bli innlagt på kort varsel. Dette er pasientar som er godt kjente i avdelinga. Avtalen på opphaldet varer enten 5,7 eller 10 dagar.

Alle pasientane  får sitt eige team rundt seg frå sengeposten. Det vil vere en primærkontakt og to sekundærkontakter i teamet. Dersom ingen frå teamet er på jobb vil en annan vere kontaktperson den dagen. Teamet har eit spesielt ansvar for å følgje deg opp på sengeposten. Forutan dagleg kontakt vil dei delta i møter med deg, behandlar og følgje opp vekeplan og behandlingsplanen som du har under opphaldet.

Sengeposten har ei tverrfagleg personalgruppe som mellom anna består av sjukepleiarar, vernepleiarar, sosialfagleg, helsefagarbeidar og andre. Det er personale til stede 24 timar i døgnet.

Vi har ei eigen aktivitetsleiar som har hovudansvaret for aktivisering individuelt eller i grupper.

Alle tilsette har sjølvsagt teieplikt.  

Behandling

Forenkla kan ein dele behandling i tre deler: Miljøterapi i sengeposten, samtalar med behandlar, aktivitet og eventuelt medikamentell behandling. Vi ser også at basale behov som ei god døgnrytme, mat og kvile er viktig for den mentale helsa. I kantina vår blir det servert tre måltid (frukost, middag og kveldsmat).

I løpet av den første tida du er innlagt vil du, behandlar og primærteamet ditt lage ein behandlingsplan. Planen vil mellom anna innehalde planlagt lengde på opphaldet, hovudmål for innlegginga og delmål som vi må jobbe med for å oppnå målet ditt.

Dersom det er behov for det samarbeider vi også tett med andre instansar som poliklinikken, ambulant FACT team, kommunal helseteneste, NAV oa.

Permisjonar

Vi oppmodar alle om å vere på sengeposten første helga under opphaldet. Deretter bestemmer du, primærteamet og behandlar i kva grad ein bør reise heim på permisjon. Dersom situasjonen tilseier det oppmodar vi pasientane til å reise heim på permisjon, mellom anna for at ikkje overgangen frå innlegging til utskriving skal bli for stor.

Aktivitetar

Aktivisering har som regel stor helsegevinst og er ein viktig del av behandlinga vår. Det treng  ikkje berre fysisk aktivitet (det kan vere kreativ aktivisering), men du vil trenge uteklær, gode sko og treningsklær under opphaldet.

Det vil bli laga ein vekeplan kvar veke der de skriv opp aktivitetar du skal vere med på. Det kan vere både felles og individuelle aktivitetar. I tillegg blir det planlagt når det er samtale med behandlar ( 1 til 2 samtalar per veke, alt etter behov) og planlagde permisjonar.

Vi er mykje ute, men har også eit stort og godt utstyrt treningsrom/gymsal som er mykje brukt.

Aktivitetar dei ulike dagane på sengeposten

Som tidlegare nemnt har vi stort fokus på aktivisering både individuelt og i grupper. Under ser du kva ei vanleg veke har av aktivitetar. I nabobygget har me eit flott treningssal med mange forskjellige treningsapparat som du kan nytte. I tillegg kan du få individuell treningsoppfølging av aktivitetsleiar.

Er det felles møte i stova på posten. Her blir det gjeve informasjon om aktivitetar og andre aktuelle ting som skjer i løpet av veka. Det er rom for å komme med eigne saker og tilbakemeldingar på det som blir teke opp. Her kan ein og gjere eigne avtalar om individuelle opplegg.

Har vi terapiriding (stell og riding) på Kaupanger hestesenter. For dei som ikkje ønske terapiriding er det mogeleg å gå ein tur. På ettermiddagen er det ofte pasientundervisning med ulike tema.

Er det turdag. Du lagar deg niste sjølv under frukosten og turen er bestemt på førehand. På ettermiddagen blir det ofte lagt op til yoga/avspenning eller anna aktivitet.  

Individuelt opplegg som er avtalt i forkant med aktivitetsleiar. Denne dagen er det også rydding, vask av eige rom og fellesareal.

Fysiske eller kreative aktiviteter, baking oa. Midt på dagen har vi “vekeslutt”. Her samlast vi for ei hyggeleg avslutning av veka, litt å bite i, bingo, gode samtalar oa.

Ingen organiserte aktivitetar.  

En liten gårdsplass mellom husene

Husrutiner

Vi er mange som skal fungere ilag under opphaldet, og det er viktig med nokre felles køyrereglar for at alle skal ha eit godt opphald.

  • Når du blir innlagt hjå oss, eller kjem tilbake frå permisjon, vil vi saman med deg stort sett gå gjennom bagasjen. Medikament, skarpe gjenstandar, verdisaker oa må leverast inn og blir oppbevart innelåst hjå oss under opphaldet.
  • Det er ikkje lov å ta med, oppbevare eller bruke rusmiddel under innlegging. Ved mistanke om illegal rus kan det bli bestemt at vi må ta ein rus-test, og det kan og vere aktuelt med utskriving som følgje av illegal rus.
  • Alle som er innlagt hjå oss har eit personleg moralsk ansvar for å hindre at sensitiv informasjon om andre blir delt utanfor sengeposten. Det kan vere lurt å tenke igjennom kva du vil dele med andre pasientar og miljøpersonalet kan hjelpe deg med det.
  • Av hensyn til dei andre pasientane må private mobilsamtalar takast på eige rom. Av samme grunn er det ikkje lov å ta bilde eller lydopptak i fellesarealet.
  • I første etasje har vi eige besøksrom. Av omsyn til drifta av sengeposten er det fint om besøket er avslutta før klokka 21.00.
  • Det er ikkje lov til å gå inn på andre sitt rom.
  • Det er ikkje lov med dyr på avdelinga.
  • Tv stova er stengt alle kvardagar mellom kl 09.00 - 14.00 (unnteke VM, OL oa) fordi vi på dagtid må delta aktivt i behandlinga og aktivitetane på sengeposten.
  • I fellesmiljøet er det lurt å bruke tøfler eller sko.
  • Etter klokka 22.00 og klokka 23.00 skal det vere stille på sengeposten. Viktig å ta hensyn til det når du høyrer på musikk eller radio.
  • Det blir skrive eigne permisjonsavtalar og det er viktig å gje beskjed til sengeposten om det blir forandring i planane. Av omsyn til drifta av sengeposten bør du vere tilbake på posten før klokka 21.00.
  • Helse Førde er ein røykfri institusjon, men av omsyn til pasientane har vi eit uteområde der pasientane kan røyke. Det er sjølvsagt strengt forbode å røyke inne på sengeposten.
  • Du kan parkere (gratis) på parkeringa bak sengepostbygget når du er innlagt hjå oss. Vi ser helst ikkje at du tar med andre medpasientar på biltur.

 

Sist oppdatert 04.03.2024