Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

ISP Døgn

Vi tilbyr behandling av psykiske lidingar der det iblant er behov for innlegging, eksempelvis psykosar, tunge depresjonar, bipolare lidingar, alvorlege angstlidingar, eteforstyrringar med meir. Vi er godkjent for tvungent psykisk helsevern, men dei aller fleste pasientane er innlagt etter eige ønske.

For å bli søkt inn til DPS døgn må du kontakte fastlegen. Du kan og bli tilvist frå psykiatrisk poliklinikk, akuttpost i Førde eller andre avdelingar i Helse Vest.

Seksjon døgn er ein del av det distriktpsykiatriske senteret (DPS) for kommunane i Sogn (Årdal, Lærdal, Aurland, Luster, Sogndal og Vik kommune). Vi har 13 senger, derav ei brukarstyrt seng. Lengda på opphold vil variere alt etter liding og symptomtrykk.

Målet vårt er å hjelpe deg til å meistre eigen livssituasjon i og utanfor senteret. Vi har eigne behandlarar (lege, psykolog oa) i tillegg til tverrfagleg miljøpersonale på sengeposten.

Behandlinga følgjer nasjonale faglege retningslinjer og vil mellom anna vere utgreiing, vurdering, diagnostisering, individuelle samtalar, medikamentell behandling, trening og aktivisering.

Brukarmedverknad er sentralt i all behandling hjå oss. Du er med på å utarbeide eigen plan for behandlinga, der vi og legg vekt på kva som bør skje etter opphaldet hjå oss. Her samarbeider vi ofte med pårørande, arbeidsplass, NAV, fastlege, kommunalt psykisk helseteam og andre aktørar som er viktige for pasienten.

Aktiv deltaking i eigen behandling er viktig hjå oss og vi tilbyr mellom anna tilpassa fysisk aktivitet, turdagar og anna aktivisering som vi oppmodar alle om å delta aktivt. Ta med treningstøy, gode sko og badetøy.

Pårørande er ein viktig ressurs som vi ønske å ha eit godt samarbeid med. Vi har eit spesielt fokus på barn som pårørande og har også eigen barneansvarleg på sengeposten.

 

Kontakt

Telefon

På natt og kveldstid vil du bli sett over til kontaktsenteret ved Førde sentralsjukehus.

Kontakt oss via eDialog