Opningstider
Mikrobiologisk avdeling er akkreditert av Norsk Akkreditering Mikrobiologisk avdeling vart akkreditert 14. oktober 2016 etter NS-EN ISO 15189:Medisinske laboratorier. Krav til kvalitet og kompetanse av Norsk Akkreditering med registreringsnummer TEST 301.
Akkreditering inneber at avdelinga sine produkt og tenestar må oppfylle definerte krav til kvalitet og det må vere eit system for å overvake og dokumentere at krava vert tilfredsstilt.
Standarden er spesielt tilpassa medisinske laboratorium og omfattar heile prøveprosessen frå rekvirering, prøvetaking, prøvhandtering, analysering til svarrapportering, rådgjeving og tolking. Det vert også sett spesifikke krav til intern kvalitetskontroll og deltaking i ekstern kvalitetsvurdering.
Omfang av akkrediteringa finn du her.