Hos oss vert barn og ungdom utreda og behandla for:
- indremedisinske sjukdommar, bl.a. diabetes, astma og luftvegsinfeksjonar, infeksjonar, sjukdommar i mage-/tarmsystemet, nevrologiske sjukdommar, kreft, hjernehinnebetennelse m.m.
- kirurgiske tilstandar som for eksempel brokk, blindtarmbetennelse
- kirurgiske skader som hovudskader, hjernerystelse, brannskader
- ortopediske tilstandar som brotskader
- Øyre-nase-hals-tilstandar
Dei fleste innleggingane er akutt hjelp, men vi har også planlagde innleggingar. I tillegg driv vi dagpost i sengeeininga, dette omfattar medisinske pasientar som skal inn til enklare undersøkingar/vurderingar, som ikkje krev innlegging.
Barne og ungdomsavdelinga
Barne og ungdomsavdelinga er delt inn i tre seksjonar:
Sengepost Barn og ungePoliklinikk Barn og ungeHabilitering for barn og unge
På sengeposten ligg barn frå nyfødd alder til 16 år fordelt på to avsnitt. Personalet jobbar på tvers av avsnitta. Dette gjer til at det er helsepersonell med kompetanse lett tilgjengeleg for pasienter og pårørende til ei kvar tid. Dei fleste pasientrom ved avsnitt for store barn, er einerom med eige bad.
Avansert heimesjukehus (AHS) er eit tilbod til barn og unge som får behandlinga si på barne- og ungdomsavdelinga. AHS legg til rette for behandling, pleie og oppfølging til barn og ungdom heime i trygge omgjevnadar, i stadenfor på sjukehuset, så sant det er forsvarleg og praktisk mogleg. Tilbod om heimesjukehus er ikkje avhengig av diagnose, men av problemstilling og tilstand, og om barn og familie sjølve ønskjer det.
Barnepalliativt team (BPT) er eit tilbod til alle barn og unge som lever med livstruande eller livsavgrensande sjukdom.
Foreldre
Barnet har rett til å ha ein av foreldra eller andre føresette hos seg under heile opphaldet. Det vert gjeve anledning til å sove på same rom som barnet. For å ivareta barnet sitt behov for tryggleik under opphaldet, anbefaler vi at barnet har mor, far eller annen kjend person hos seg. Foreldre/pårørande tar aktivt del i dagleg stell av barnet, alt etter barnet sin tilstand, og i samarbeid med sjukepleiar.
Den av foreldra som bur på sjukehuset saman med barnet får alle måltida gratis. Dette gjeld frukost, lunsj, middag og kveldsmat. Ytterlegare pårørande kan kjøpe kald mat og drikke i buffeen. Det er det buffet for inneliggande pasientar i 7 etg. Der finn ein eit variert utvalg av god og næringsriktig mat og drikke.
Avbestille eller endre time
Dersom du har spørsmål om ei timeavtale, ønskjer å endre eller avbestille time, må du ta direkte kontakt på telefon i kontortida måndag - fredag kl. 08.00-15.30.
Bruk telefonnummeret på innkallingsbrevet. Her kan du også spørre om ventetid.
Du kan også gå inn på Vestlandspasienten.no og endre/avbestille din timeavtale. Det er mange pasientar som ventar på behandling hos oss. Vi oppfordrar dirfor at du gjev beskjed om endring eller avbestilling av time så tidleg som mogeleg.
Timeavtalen må avbestillast/endrast minst 24 timar (kun hverdager) på førehand. Dersom timen din er på ein mandag, må du avbestille den seinast fredagen før.
Avbestiller du timen seinare enn 24 timar før, må du betale ein eigenandel. Sjå informasjon om prisar her
Besøk
I utgangspunktet er det ikkje fastlagte besøkstider ved Barne- og ungdomsavdelinga, men av hensyn til måltid og behandling, er det fint om besøk vert avklart med sengepost Barn og unge.
Enkelte pasientar har større behov for å vere sammen med sine pårørande enn andre. Avdelingar som behandlar barn, har plikt til å leggje forholda til rette slik at ein eller begge foreldra kan vere hos barnet.
Du står fritt i å velge om du vil ha besøk når du er innlagt på sjukehus. Gje beskjed på avdelinga der du ligg, dersom du ønsker å leggje begrensningar for besøk når du er innlagt.
Blodprøve
Skal du ta blodprøve før undersøking eller behandling på sentralsjukehuset i Førde kan du ta blodprøver samme dag i 2. etasje. Opningstider er 07.45 til 15.00 på kvardagar. Ta då heisen ved sidan av resepsjonen opp til 2 etg.
Andre som skal ta blodprøver kan nytte seg av våre andre sjukehus i Helse Førde:
• Nordfjord sjukehus
• Lærdal sjukehus