Vestlandslegen
Velkomen til oss
Helse Førde har ansvaret for spesialisthelsetenesta i eit område med nær 110 000 innbyggjarar på Vestlandet. Som student hos oss vil du få varierte og store oppgåver.

Unge legar som har vore i praksis hos oss, har gjennom åra understreka det positive med eit oversiktleg sjukehusmiljø der det er lett å gjere seg kjend, og verte kjend. Du får stort ansvar. Du møter eit spennande fagmiljø der du vil få arbeidsoppgåver innanfor eit vidt spekter.
Du kjem ikkje til nokon storby. Men du kjem til ein stad der vegen er kort frå heim til jobb, barnehage, skule, kulturhus og idrettsbane.
Eitt sjukehus - mange inngangar
Vi held til i eit område med stor grad av desentralisering. Det speglar også oss. Hovudkontoret ligg i Førde. Vi har behandlingsstader på fire andre plassar; Nordfjordeid, Lærdal, Sogndal og Florø. Ambulansestasjonane våre er spreidde over heile Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Vi brukar å seie om oss sjølve at vi har mange inngangar, men er eitt sjukehus.
Helse Førde dekkjer eit stort geografisk område. Vi er det minste sjukehuset i Helse vest, men har kring 40 prosent av arealet. Ein køyretur frå Stad i nordvest til Årdal i søraust tek fire timar. Som student får du kring 3000 kollegaer ved den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane.
Naturopplevingar rett utanfor døra
Mange som kjem til oss let seg fascinere av naturen. Kontrastane er store, frå storm til stille. Og om avstandane er store frå ytst til inst, er vegen kort frå kyst til hei og frå fjord til fjell. Det manglar heller ikkje på kulturliv med teater, gode kinotilbod, musikk- og konsertliv.
Utdanning og kompetanseheving er viktige mål for oss. I Helse Førde har vi lang erfaring med undervisning. Vi har teke mot hundretals LIS-legar fram gjennom åra. Sjukehuset samarbeider tett med høgskular og universitet, og tilbyr praksisplassar og klinisk undervisning til om lag 860 studentar og lærlingar kvart år. Sjukepleieutdanninga til Høgskulen på Vestlandet ligg på sjukehusområdet i Førde. Ei rekkje partar samarbeider no om å arbeide fram ei helseklynge for Sogn og Fjordane med base i Helse Førde og høgskulen.
Ved Førde sentralsjukehus har vi bustadformidling som disponerer ei rekkje gjennomgangsbustader, alt frå hyblar til store fem-roms bustader. Saman – Studentsamskipnaden på Vestlandet – disponerer også hyblar og husvære. I Førde går du til og frå sjukehuset på nokre få minutt. Også ved Lærdal og Nordfjord sjukehus har vi husvære tett på sjukehusa.
Vi gler oss til å ønske deg velkomen
For oss er Vestlandslegen nytt og utfordrande. Men målet vårt er at når du kjem til Førde, skal alt vere klart for at du skal få lærerike år. Vi lovar å gjere vårt beste for å ta vel imot deg.
Velkomen til oss.