Som student i Vestlandslegen får du no sjansen til å gjennomføre dei siste tre åra av profesjonsstudiet ditt i medisin i Helse Førde.
Du kjem ikkje til nokon storby. Men du kjem til ein stad der vegen er kort frå heim til jobb, barnehage, skule, kulturhus og idrettsbane.
Bli med innanfor og høyr kva unge LIS-legar i Førde tenker om livet som student og lege her.
Universitetet i Bergen
Studiemodellen
- Ny desentralisert studiemodell for medisinstudiet, med mål om å auke rekrutteringa av legar til Vestlandet.
- Universitetet i Bergen (UiB) gjennomfører studiemodellen i samarbeid med helseføretaka i Helse Vest, inkludert Helse Førde.
- Dei tre første åra er studentane ved UiB, medan dei tre siste åra av studiet blir gjennomført enten i Stavanger, Førde og etter kvart Haugesund.
- Studiemodellen følgjer Grimstadsutvalet sine anbefalingar til Kunnskapsdepartementet om å auke talet på studieplassar i Noreg.
- Les meir om Vestlandslegen | Universitetet i Bergen
Aktuelle spørsmål og svar
Introduksjonsfilm om medisinstudiet Vestlandslegen i Bergen og Førde.
Helse Førde har ansvaret for spesialisthelsetenesta i eit område med nær 110 000 innbyggjarar på Vestlandet. Som student hos oss vil du få varierte og store oppgåver.

Sist oppdatert 06.03.2025