Det er viktig for oss at du som student får ein praksisperiode med godt læringsutbytte i vår organisasjon slik at du kan bli ein framtidig dyktig medarbeidar.
Helse Førde har ei rekkje studentar i praksis:
Informasjon til deg som har vore i praksis tidlegare eller allereie har eit arbeidsforhold i føretaket
Brukarnamnet er det same som tidlegare. Dersom det er meir enn 90 dagar sidan passordet vart nytta må du bestille nytt passord ved å ringe Kundesenteret på tlf. 55 97 65 40 som sender nytt passord på SMS.
Studentar som har eit tilsettingsforhold i Helse Førde skal nytte same brukarnamn og passord som dei gjer på jobb. Du må då hugse å velje rett rolle når du loggar på i DIPS.
Det er krav om årleg gjennomføring av obligatoriske e-læringskurs, du har sjølv ansvar for at dine kurs er gjennomført innan siste 12 månader.
Problemer med pålogging?
Viss du har problem med å logge på PC, DIPS, Læringsportal eller anna - ring Kundesenteret på telefon 55 97 65 40. Hugs å opplyse om at du er student.
Dette må du gjere før du kjem i praksis første gong
1. Gjennomføre e-læringskurs:
Slik gjer du det:
Gå til Læringsportalen
Registrer deg med fødselsnummer og velg organisasjon: "Helse Førde - tilgang for eksterne brukere"
Eksisterande brukar i Læringsportalen
Du legger kun inn fødselsdato ved registrering.
Ny brukar Lærlingsportalen
Legg inn heile fødsels- og personnummer
Kurs finn du ved å trykke «Kurskatalog» og deretter trykke på «Nøkkelord».
Finn «Obligatoriske kurs» og trykk grøn søkeknapp:
2. Registrere deg i WebCruiter
Du får ei lenke frå skulen din til WebCruiter kor du må søke på praksisplass. Hugs å legge inn fødselsnummeret ditt (11 siffer) og mobilnummer for å få IT- tilgangar i praksisen din.