Samarbeid med universitet og høgskuler
Helse Førde har eit godt samarbeid med Universitetet i Bergen (UIB) og Høgskulen på Vestlandet (HVL).
Målsetting med samarbeidet er å vidareutvikle gode fag- og forskningsmiljø og bidra til god kvalitet og bredde innan utdanning.
Samarbeidet skal ivareta relevans i utdanningane og tilgang på kompetanse som sjukehuset treng i framtida. Det organisatoriske og faglige samarbeidet skal skape meirverdi og bidra til god nytte av ressursar for involverte partar og til det beste for pasientar og samfunnet.
Sist oppdatert 04.03.2022