Som ein viktig del av fagopplæringa kan lærlingane i løpet av dei siste 12 månadane av si læretid ha ei innføring i spesialhelsetenesta.
Opplæringa i sjukehus består av
- introduksjonssamling på Førde Sentralssjukehus, deretter
- utplassering i 2 månader ved valfritt sjukehus i fylket
Etter individuell vurdering av fagleg leiar kan omfanget avgrensast til 1 månad for lærlingar med fleire års praksis i faget frå tidlegare ( vaksne lærlingar).
Instruktørar ved Helse Førde sine sjukehus på Nordfjordeid, Førde og Lærdal, vil ivareta og dokumentere den praktiske opplæringa av den enkelte lærling i samarbeid med den faglege ansvarlege i kommunen.
Avdelingar som tek imot lærlingar er:
- Medisinsk avdeling
- Kreftavdeling
- Ortopedisk avdeling
- Kirurgisk avdeling
- Avdeling for nevrologi, reumatologi og rehabilitering (ANRR)
Helse Førde tilbyr 20-25 helsefagarbeidarlærlingar praksisplass samla for fylket.
I tillegg vil helseføretaket tilby 4 praksisplassar for YSK-lærlingar som gjennomfører læretid parallelt med gjennomføring av skulefag.
Kontaktinformasjon:
Kari-Anne Sunde, Seksjon for undervisning, tlf. 578 39032.
E-post: Kari-Anne Sunde