Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ambulanselærling

Helse Førde er ei stor lærebedrift.  Kvart år tek ambulansetenesta i Helse Førde inn seks basis-1 lærlingar i ambulansefaget.

​Helse Førde har intensjonsavtale med Vestland Fylkeskommune, og talet læreplassar heng saman med storleiken på ambulanselinja på vidaregåande skule.

Vi prioriterer best kvalifiserte søkjarar, men ynskjer ei tilnærma lik kjønnsfordeling av læreplassane. Primært søkjer vi etter lærlingar med gjennomført opplæring i Sogn og Fjordane, men også anna tilknyting til området kan vurderast. Lærlingane følgjer turnus i ambulansetenesta og deltek på lærlingsamlingar i kvart semester. 
Stasjonane som vil ha lærlingar er Måløy - Eid - Florø - Førde - Sogndal – Fjaler.

Lærlingar søkjer læreplass på våren gjennom VIGO bedrift, alternativt søkjer ein på utlyst lærestilling gjennom Helse Førde sin rekrutteringsplattform Webcruiter innan 1. april. Opptak og seleksjon skjer før sommaren. Oppstart av læretida er i slutten av august.

For å søkje på læreplass i ambulansefaget må ein stette krava under. Ved opptak og seleksjon vert det gjennomført eit personleg intervju, fysiske testar og casetrening. Læretida i bedrifta er normalt to år, og opplæringa skjer i vaktteneste på våre ambulansestasjonar og definerte lærlingsamlingar.

Kvar lærling får tildelt lærlingrettleiar som saman med næraste leiar fylgjer lærlingen gjennom læretida.​

Krav til lærlingar:

  • Bestått eksamen fra VG2 ambulansefag eller tilsvarende kompetanse
  • Dokumentere inntil 24 månadar læretid (vaksenlærling) 
  • Førarkort klasse B, eller dokumentere plan for gjennomført førarkort klasse B innan utgang innan utgang av  første læreår
  • Førarkort klasse C1 innan oppstart av verdiskapning (2. året)
  • Stette helsekrava for førarkort klasse D
  • Bestått fysiske testar (absolutt krav)*  
  • Må vere personleg eigna, basert på vurderingar under intervju og evaluering av opptaksperioden
  • Referansar som stadfestar at søkjar er personleg eigna for yrket  
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne 
  • Kunne bruke pc og officeprogram som arbeidsverktøy 
  • Plettfri vandel (god orden og åtferd) 
  • Røykfri i arbeidstida​
*Fysiske krav er:
  • Springe 1000meter (innan maksimalt 5 min)
  • Bære forflytningsbrett 200 meter med ca. 80kg vekt (innan 10min)
  • Bære bærestol opp og ned ein etasje med ca 80kg vekt x 3. Kvar kandidat      skal minst bære ei runde i kvar ende av bærestolen
  • Utføre samanhengande HLR i 10 min. 
Lærlingar fylgjer det det nasjonale læreløpet i NAKOS og det er utarbeida eigen kompetanseplan. Dette sikrar teoretiske utvikling for kvar einskild og ein større nasjonalt likskap og kvalitetssikring på lærlingane. Innleveringsoppgåver med evalueringar er arbeidsgrav gjennom begge læreår og består av ulike tema  som refererer til mål i læreplan. Innleveringane blir evaluert med bestått / ikkje bestått. Lærlingen pliktar å levere innan fristane. Fagutviklar eller andre som får delegert oppgåva, er ansvarleg for evaluering og skrifteleg tilbakemelding. 

Lærlingane skal fylgje utdanningsplanen i læretida. Dette inneber obligatorisk hospitering, obligatoriske fagdagar og eventuelt tilbod om LS kurs. Helse Førde dekkjer K 160.  Lærling skal for eiga rekning tileigne seg førarkort klasse C1. I læretida skal det regelmessig dokumenterast at dei fysiske krava vert stetta. 

Perioden for verdiskaping, fylgjer estimert progresjon for lærlingar. Vilkåret er at lærlingen føler seg kompetent og har bestått trinn 1 utsjekk på lærlingsamling i april/mai. I tillegg skal det vere ei samla vurdering mellom lærling, rettleiar, områdeleiar og eventuelt fagutviklar på at lærling er klar for verdiskaping. Dersom bestått trinn 1 utsjekk kan lærling starte verdiskaping 1. juni.

Sist oppdatert 25.11.2022