Vi er eit moderne distriktspsykiatrisk senter som gjev tenester til innbyggjarane i sju kommunar i Indre Sogn. Geografisk er vi lokalisert i Sogndal kommune.
Vi har allmennpsykiatrisk sengepost (seksjon døgn). I tillegg har vi allmenn psykiatrisk poliklinikk, ruspoliklinikk, alderspsykiatrisk team og ambulant team som er organisert i seksjon dag.
Alle dei tre sjukehusa i Helse Førde har kantiner som tilsette, pasientar og pårørande kan nytte.
Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen.
Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. I Førde finn du også ein pasientkafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid fram til klokka 19.00 frå måndag til fredag. I denne kafèen kan du no også kjøpe varm mat.
Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle dagar frå klokka 10.00-13.30.
Kantina på Tronvik er open for tilsette og beburar.
Visittider sengepostane: Etter avtale.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.