Hos oss får du tilbod på den nye rusposten. Vi har også seksjonar for døgn- og dagbehandling. Vi legg stor vekt på brukarmedverknad og samhandling med kommunale tenester.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.
Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.
Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.
Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.
Psykiatrisenteret er ope for besøk av pårørande og andre heile dagen. Vi ber likevel om at besøkande ringjer på førehand slik at besøket ikkje kolliderer med andre aktivitetar.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.