Førde sentralsjukehus

Sentralsjukehuset har sentralsjukehusfunksjonane for innbyggjarane i Sogn og Fjordane (Helse Førde). På sjukehusområdet i Førde finn du også psykiatribygg både for vaksne og ungdomar.

Kontakt

Oppmøtestad
Du går inn i hovudinngangen ved sjukehuset. Der finn du oppslagstavle over kvar dei ulike avdelingane og poliklinikkane ligg. Du må gjerne spørje dei tilsette i resepsjonen for å få hjelp.
Besøksadresse
Svanehaugvegen 2 (Google maps)
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Telefon
57839000

Praktisk informasjon

Apotek

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

Bank

​Du finn banktenester i 1. etasje.

Sparebanken Sogn og Fjordane har terminal for kontantuttak og terminal for å nytte nettbank.

Blomar

​Du finn eige utsal av blomar. Det er Astri Blomster som sel blomar til pasientar og pårørande, og elles til besøkjande ved sjukehuset.

NB:
Det er ikkje høve til å ta med potteplantar, avskorne blomar og tørka blomar i postoperative overvakingseiningar, intensivavdelingar og fødestover.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Kiosk

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Mattilbod i Helse Førde

​Alle dei tre sjukehusa i Helse Førde har kantiner som tilsette, pasientar og pårørande kan nytte. 

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. I Førde finn du også ein pasientkafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid fram til klokka 19.00 frå måndag til fredag. I denne kafèen kan du no også kjøpe varm mat.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle dagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og beburar.

Mobiltelefon

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Trådlaust nett - internett

​​Alle somatiske sengepostar i Helse Førde har trådlaust gjestenettverk. Dette er gratis for pasientar, pårørande og besøkande.

​Du kan ta med bærbar PC, mobiltelefon og nettbrett og nytte vårt gjestenett uten kostnad.

Passord på SMS

Du som ønskjer å nytte internett blir beden om å legge inn mobilnummeret ditt. Du treng ikkje gje opp andre opplysningar enn det. Brukarnamn og passord får du tilsendt som ei tekstmelding.

Tilgangen du får til internett varer i 24 dagar før du treng å be om nytt brukarnamn og passord.

Årsaka til innlogging er krav til tryggleik i sjukehusnettverket og er same type løysing som du finn på flyplassar og hotell.

Ta kontakt med resepsjonen eller avdelinga for meir informasjon.

Visittider Førde sentralsjukehus

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller annan nær omsorgsperson samt søsken til barnet kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.

Pasienthotell

​I 7. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthote.

Pasienthotellet har 21 senger. Dei er fordelt på sju enkle rom og sju doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

Eigendel på sjukehus og poliklinikk

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Parkering FSS

​Det er sett av 99 parkeringsplassar som er eksklusive for pasientar og pårørande (sjå raudt område på kartet). All parkering ved alle Helse Førde sine institusjonar er gratis, men det blir gitt parkeringsbot ved feilparkering. Ein må følge skiltinga rundt Førde sentralsjukehus.

trafikkplan_fss_900_ny2.jpg

På to parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus er det automat for parkeringsbillett. Eller pasientar kan nytte parkeringsbeviset som er tilsendt ved innkalling.

Pårørande kan nytte automaten til å ta kontakt med resepsjonen inne på sjukehuset. Pårørande må då gi beskjed om kven de skal besøke på sjukehuset for så å få ein billett frå automaten.

Blodgjevarar har eigne parkeringsplassar og må nytte eige parkeringsbevis som blodgjevarar får.

AAM Anestesi FSShttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/avdeling-for-akuttmedisin/aam-anestesi-forde-sentralsjukehusAAM Anestesi FSS
AAM Intensiv FSShttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/avdeling-for-akuttmedisin/aam-intensiv-forde-sentralsjukehsusAAM Intensiv FSS
AAM Operasjon FSShttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/avdeling-for-akuttmedisin/aam-operasjon-forde-sentralsjukehusAAM Operasjon FSS
AAM Sterilsentral FSShttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/avdeling-for-akuttmedisin/aam-sterilsentralen-forde-sentralsjukehusAAM Sterilsentral FSS
Akuttmottak - FSShttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/medisinsk-avdeling/akuttmottak-forde-sentralsjukehusAkuttmottak - FSS
Ambulansetenestahttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/avdeling-for-akuttmedisin/ambulansetenestaAmbulansetenesta
AMK - 113https://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/avdeling-for-akuttmedisin/amk-113AMK - 113
Auge poliklinikkhttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/augeavdeling/auge-poliklinikkAuge poliklinikk
Augeavdelinghttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/augeavdelingAugeavdeling
Avdeling for akuttmedisin (AAM)https://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/avdeling-for-akuttmedisinAvdeling for akuttmedisin (AAM)
Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering/fysikalsk medisinhttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/avdeling-for-nevrologi-revmatologi-og-rehabiliteringAvdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering/fysikalsk medisin
Barn poliklinikk og habiliteringhttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/barneavdeling/barn-poliklinikk-og-habiliteringBarn poliklinikk og habilitering
Barn sengeposthttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/barneavdeling/barn-sengepostBarn sengepost
Barneavdelinghttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/barneavdelingBarneavdeling
Dagkirurgisk senterhttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/dagkirurgisk-senterDagkirurgisk senter
Dialysehttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/medisinsk-avdeling/dialyseDialyse
Ergoterapitenestahttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/avdeling-for-nevrologi-revmatologi-og-rehabilitering/ergoterapitenestaErgoterapitenesta
Fedmepoliklinikkhttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/kirurgisk-avdeling/fedmepoliklinikkFedmepoliklinikk
Fysikalsk medisin og rehabiliteringhttps://helse-forde.no/avdelinger/fysikalsk-medisin-og-rehabiliteringFysikalsk medisin og rehabilitering
Fysioterapitenestahttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/avdeling-for-nevrologi-revmatologi-og-rehabilitering/fysioterapitenestaFysioterapitenesta
Føde/barsel sengeposthttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/kvinneklinikken/fodegynbarsel-sengepost/fodebarsel-sengepostFøde/barsel sengepost
Føde/gyn/barsel sengeposthttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/kvinneklinikken/fodegynbarsel-sengepostFøde/gyn/barsel sengepost
Gynekologisk poliklinikkhttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/kvinneklinikken/gynekologisk-poliklinikkGynekologisk poliklinikk
Gynekologisk sengeposthttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/kvinneklinikken/fodegynbarsel-sengepost/gynekologisk-sengepostGynekologisk sengepost
Hud avdelinghttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/hud-avdelingHud avdeling
Hud seksjonhttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/hud-avdeling/hud-seksjonHud seksjon
Kirurgisk poliklinikkhttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/kirurgisk-avdeling/kirurgisk-poliklinikkKirurgisk poliklinikk
Kirurgisk sengeposthttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/kirurgisk-avdeling/kirurgisk-sengepostKirurgisk sengepost
Kjevekirurgisk poliklinikkhttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/onhkjeve-avdeling/kjevekirurgisk-poliklinikkKjevekirurgisk poliklinikk
Kreft poliklinikkhttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/kreftavdelinga/kreft-poliklinikkKreft poliklinikk
Kreft sengeposthttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/kreftavdelinga/kreft-sengepostKreft sengepost
Kreftavdelingahttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/kreftavdelingaKreftavdelinga
Kvinneklinikkenhttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/kvinneklinikkenKvinneklinikken
Laboratorium Medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB)https://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/laboratorium-medisinsk-biokjemi-og-blodbank-lmbbLaboratorium Medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB)
LMBB - seksjon Førde sentralsjukehushttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/laboratorium-medisinsk-biokjemi-og-blodbank-lmbb/lmbb-seksjon-forde-sentralsjukehusLMBB - seksjon Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdelinghttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/medisinsk-avdelingMedisinsk avdeling
Medisinsk poliklinikk - Førde sentralsjukehushttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/medisinsk-avdeling/medisinsk-poliklinikk-forde-sentralsjukehusMedisinsk poliklinikk - Førde sentralsjukehus
Medisinsk sengepost 1https://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/medisinsk-avdeling/medisinsk-sengepost-1Medisinsk sengepost 1
Medisinsk sengepost 2https://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/medisinsk-avdeling/medisinsk-sengepost-2Medisinsk sengepost 2
Mikrobiologisk avdelinghttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/mikrobiologisk-avdelingMikrobiologisk avdeling
Nevrologisk poliklinikkhttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/avdeling-for-nevrologi-revmatologi-og-rehabilitering/nevrologisk-seksjon/nevrologisk-poliklinikkNevrologisk poliklinikk
Nevrologisk, revmatologisk og rehabilitering sengeposthttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/avdeling-for-nevrologi-revmatologi-og-rehabilitering/nevrologisk-revmatologi-og-rehabilitering-sengepostNevrologisk, revmatologisk og rehabilitering sengepost
Nevrologisk seksjonhttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/avdeling-for-nevrologi-revmatologi-og-rehabilitering/nevrologisk-seksjonNevrologisk seksjon
Nyfødd - sengeposthttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/barneavdeling/nyfodd-sengepostNyfødd - sengepost
Ortopedi poliklinikk FSShttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/ortopedisk-avdeling/ortopedi-poliklinikk-forde-sentralsjukehusOrtopedi poliklinikk FSS
Ortopedisk avdelinghttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/ortopedisk-avdelingOrtopedisk avdeling
Ortopedisk post FSShttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/ortopedisk-avdeling/ortopedi-post-forde-sentralsjukehusOrtopedisk post FSS
Pasienthotell - FSShttps://helse-forde.no/avdelinger/pasienthotell-fssPasienthotell - FSS
Patologihttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/avdeling-for-patologiPatologi
Psykiatrisk klinikkhttps://helse-forde.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykiatrisk-klinikkPsykiatrisk klinikk
Psykiatrisk klinikk - Akutt Døgnhttps://helse-forde.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykiatrisk-klinikk/psykiatrisk-klinikk-akutt-dognPsykiatrisk klinikk - Akutt Døgn
Psykiatrisk klinikk - DPS daghttps://helse-forde.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykiatrisk-klinikk/psykiatrisk-klinikk-dps-dagPsykiatrisk klinikk - DPS dag
Psykiatrisk klinikk - DPS døgnhttps://helse-forde.no/avdelinger/psykiatrisk-klinikk-dps-dognPsykiatrisk klinikk - DPS døgn
Psykiatrisk klinikk - Vaksenhabiliteringhttps://helse-forde.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykiatrisk-klinikk/psykiatrisk-klinikk-vaksenhabiliteringPsykiatrisk klinikk - Vaksenhabilitering
Radiologisk avdelinghttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/radiologisk-avdelingRadiologisk avdeling
Radiologisk seksjon - Førde sentralsjukehushttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/radiologisk-avdeling/radiologisk-seksjon-forde-sentralsjukehusRadiologisk seksjon - Førde sentralsjukehus
Revmatologisk poliklinikkhttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/avdeling-for-nevrologi-revmatologi-og-rehabilitering/revmatologisk-seksjon/revmatologisk-poliklinikkRevmatologisk poliklinikk
Revmatologisk seksjonhttps://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/avdeling-for-nevrologi-revmatologi-og-rehabilitering/revmatologisk-seksjonRevmatologisk seksjon
ØNH - poliklinikkhttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/onhkjeve-avdeling/onh-poliklinikkØNH - poliklinikk
ØNH/kjeve avdelinghttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/onhkjeve-avdelingØNH/kjeve avdeling