Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
nærbilde av ein sommarfugl som sit på eit grønt blad

Sjukehuspresten

Treng du nokon å dele tankane med? Sjukehuspresten vil gjerne lytte til deg - om smått eller stort.

​Samtaleteneste

Nokre gonger kan livet vere tungt å bere, og då kan det vere godt å ha nokon å snakke fritt med.

Uansett kven du er, tru eller tvil, angst eller uro, glede eller sorg, sjukehuspresten kan snakke med deg om stort eller smått.

Alle er velkomne! Du kan komme aleine eller saman med andre. Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru. Sjukehuspresten møter deg der du er.​

Som pasient blir livet ditt endra i kortare eller lengre tid. Dette kan skape ulike tankar om både livet og døden. Kanskje går både kroppen og følelsane gjennom forandring. Mange opplever det vanskeleg å vere pasient.

Kva er viktig for deg no? Her på sjukehuset er det mange som gjer det dei kan for å hjelpe deg. Eit av våre felles mål er at du skal kjenne deg trygg.

Du kan ta kontakt direkte, eller be personalet om å ringe til sjukehuspresten for deg.

 

Å vere pårørande kan vere krevjande. Også din kvardag har endra seg for kortare eller lengre tid. Treng du å lufte tankane dine? Eit pusterom eller ein fristad? Ingen tema er for små eller for store - sjukehuspresten vil gjerne lytte til deg.   

 

Sjukehuspresten har også god erfaring og kompetanse med barn. I «skattekista» på prestekontoret kan du få med deg ein liten «juvel».

 

Å jobbe på eit sjukehus er ofte krevjande. Både jobb og privatliv kan vere utfordrande. Treng du ein stad for å samle tankane? Ein «fristad» der du vert lytta til? Sjukehuspresten kan vere ein samtalepartner der du kan senke skuldrene og snakke om det du har på hjartet.

​Presteteneste

Vi tilbyr klassiske prestetenester som seremoniar, nattverd og bøn, samt rettleiing og samtale ved sjelesorg.

Livssynsopen teneste

Du treng ikkje vere kristen for å snakke med oss. Treng du hjelp til å få kontakt med andre trus- og livssynssamfunn kan sjukehuspresten også hjelpe med dette. 

Kontakt

Telefon: 57 83 90 62

Mobil: 908 79 281

E-post: helene.langeland@helse-forde.no

Du finn oss i Svanabygget på Førde sentralsjukehus, 2. etasje, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Sjukehuspresten er fast tilsett på sjukehuset og har teieplikt.

 

Sist oppdatert 19.12.2022