Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Studentar i praksis

Vi tilbyr i Helse Førde praksisplasser til mange ulike studentkategoriar. Helse Førde tilbyr praksisplassar i Lærdal, Nordfjordeid og Førde.


Det er viktig for oss at du som student får ein praksisperiode med godt læringsutbytte i vår organisasjon slik at du kan bli ein framtidig dyktig medarbeidar.

Helse Førde har ei rekkje studentar i praksis:

  • ​Sjukepleie bachelor

  • Sjukepleie vidareutdanning

  • Medisin

  • Radiograf

  • Ergoterapi

  • Fysioterapi

  • Bioingeniør

  • Psykolog

  • Audiograf

  • Idrett bachelor

  • Sosialt arbeid bachelor

  • Klinisk ernæring master

  • Vidareutdanning psykisk helsevern

  • Spesialpedagogikk

 

  • Brukarnamnet er det same som tidlegare. Dersom det er meir enn 90 dagar sidan passordet vart nytta må du bestille nytt passord ved å ringe Kundesenteret på tlf. 55 97 65 40 som sender nytt passord på SMS.

  • Studentar som har eit tilsettingsforhold i Helse Førde skal nytte same brukarnamn og passord som dei gjer på jobb. Du må då hugse å velje rett rolle når du loggar på i DIPS.

  • Det er krav om årleg gjennomføring av obligatoriske e-læringskurs, du har sjølv ansvar for at dine kurs er gjennomført innan siste 12 månader.

Problemer med pålogging?

Viss du har problem med å logge på PC, DIPS, Læringsportal eller anna - ring Kundesenteret på telefon 55 97 65 40. Hugs å opplyse om at du er student.


1. Gjennomføre e-læringskurs:

  • Brannvern, teoretisk del

  • Smittevern: Handhygiene

  • Informasjonssikkerhet og personvern

  • Klima og miljø - Helse Førde

Slik gjer du det:

Informasjon om korleis du skal registrere deg, og spørsmål om innlogging i Læringsportalen finn du her:

Læringsportalen

Lenke til registrering og kurskatalog finn du her:

Læringsportalen (laeringsportalen.no)

 
2. Registrere deg i WebCruiter

Du får ei lenke frå skulen din til WebCruiter kor du må søke på praksisplass. Hugs å legge inn fødselsnummeret ditt (11 siffer) og mobilnummer for å få IT- tilgangar i praksisen din.

 

 

Maŋemus ođastuvvon 2023-09-27