Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Helsefagarbeidar

Helsefagarbeidarutdanninga er eit lærefag der ein går 2 år på vidaregåande skule, og deretter 2 år med opplæring i bedrift. Dei to åra i vidaregåande skule omfattar teoretisk og praktisk opplæring i faget. Ved fullført VG1 Helse og oppvekst og VG2 Helsefagarbeid eller Ambulansefag kan ein søke lærlingplass i kommune eller spesialisthelsetenesta.

Lærling tilsett i kommune med samarbeidsavtale (samarbeidslærling)​​​

Som ein viktig del av fagopplæringa kan lærlingane i løpet av dei siste 12 månadane av si læretid ha ei innføring i spesialhelsetenesta. Lærlingansvarleg i kommunen melder inn aktuelle lærlingar innan 01. mars kvart år. Lærlingkoordinator i Helse Førde tildelar plass for det påfølgande året. Vi tek inn kommunale lærlingar veke 2, 15 og 40 kvart år.

Opplæringa i sjukehus består av

  • introduksjonssamling på Førde Sentralssjukehus, deretter

  • utplassering i inntil 2 månader ved valfritt sjukehus i fylket

Instruktørar ved Helse Førde sine sjukehus på Nordfjordeid, Førde og Lærdal godkjenner lærlingen sin dokumentasjon og ivaretek den praktiske oppfølginga. Fagleg ansvarleg i kommunen er forplikta til å følge opp sin lærling i praksisperioden. 

Avdelingar som tek imot lærlingar er:

  • Medisinsk avdeling

  • Kreftavdeling

  • Ortopedisk avdeling

  • Kirurgisk avdeling

  • Avdeling for nevrologi, reumatologi og rehabilitering (ANRR)

Helse Førde tilbyr 20-25 helsefagarbeidarlærlingar praksisplass samla for samarbeidskommunane.

I tillegg vil helseføretaket tilby 4 praksisplassar for YSK-lærlingar som gjennomfører læretid parallelt med gjennomføring av skulefag.
 

Lærling tilsett i Helse Førde​

Du må søkje på stilling som lærling når vi lyser ut i løpet av første kvartal kvart år.

Du går gjennom ordinær tilsetjingsprosess med søknad via Webcruiter. Dei som er aktuelle blir kalla inn til intervju. I eit eventuelt intervju blir det gjennomgang av karakterar, fråvær og referansar. Vi ønskjer to referansar, ein frå arbeids/praksiserfaring, og ein praksis/faglærar. Dei som får tilbod om læreplass vert midlertidig tilsett i 2 år som lærling i Helse Førde og kan ha læretid både i Førde, Nordfjordeid, Sogndal og ​Lærdal.

Du skal arbeide ved fleire avdelingar i løpet av læretida for å få kompetanse og forståing av sjukehuset som arbeidsplass og dei tenestene vi tilbyr pasientane.

Når du startar i Helse Førde får du tildelt ein kompetanseplan du skal arbeide med for å oppfylle krava i nasjonal læreplan.​​
 ​

Kontaktinformasjon

Kommunale lærlingar:
Kari-Anne Sunde, seksjon for kompetanse og utdanning, tlf.: 57 83 90 32
E-post: Kari-Anne Sunde

Lærling tilsett i Helse Førde:
Anja Solheim Kiil, seksjon for kompetanse og utdanning, tlf.: 952 41 883
E-post: Anja Solheim Kiil​


Maŋemus ođastuvvon 2022-11-08