Mattilbod i Helse Førde
Alle dei tre sjukehusa i Helse Førde har kantiner som tilsette, pasientar og pårørande kan nytte.
Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.
Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid 09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.
Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.
Maŋemus ođastuvvon 2024-09-23