Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Rettigheitene dine ved deling av helseopplysningar

Når helsepersonell får tilgang til viktige helseopplysningar om deg, kan dei gje deg trygg og god behandling når du treng det. Er det opplysningar du ikkje vil dele, kan du endre personverninnstillingane dine på Helsenorge.

Kun helsepersonell som kan dokumentere behov for å sjå informasjonen, har lov til å lese informasjon om deg. Helsepersonell har tausheitsplikt. Når helsepersonell les informasjon om deg, blir dette registrert, og du kan sjå kven som har sett denne informasjonen.

Du har rett til å bestemme over ditt eige personvern. På Helsenorge kan du velge korleis helsepersonell får tilgang til helseopplysningane dine på tvers av behandlingsstadar. 

Dersom du ikkje brukar Helsenorge eller du har behov for hjelp, kan du ringe "Veiledning Helsenorge" på telefon 23 32 70 00. Tenesta er open kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.30. 

Maŋemus ođastuvvon 2025-02-28