Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Personvernombod

Personvernombodet informerar og gjev råd til helseføretaket og helseføretaket sine tilsette om kva plikter dei har etter personvernlovgjevinga.  Personvernombodet kan også bistå og gje råd til pasientar med omsyn til rettane dei har etter personvernlovgjevinga.

I tillegg til å gje råd o​g informasjon, skal personvernombudet mellom anna:

  • Kontrollere helseføretaket si etterleving av personvernregelverket.
  • Gje råd om vurdering av personvernkonsekvensar.
  • Være eit kontaktpunkt for Datatilsynet i helseføretaket, og samarbeide med dem i saker som vedkjem helseføretaket.
  • Prioritere oppfølging av aktiviteter i helseføretaket kor personvernrisikoen er høgast.
  • Bidra til å sikre at helseføretaket alltid har oversyn over korleis verksemda behandlar personopplysingar.
 

Organisering og ansvar

Personvernombudet i Helse Førde HF er ein stabsfunksjon, organisatorisk tilknytta IKT-avdelinga.

Personvernombudet opptrer som ein uavhengig rådgjevar, og kan ikkje instruerast av leiinga eller andre med omsyn til utføringa av sine oppgåver.

Det er alltid helseføretaket som er ansvarleg for å sikre at personopplysingar som føretaket har ansvaret for blir behandla innanfor rammene av gjeldande lovar og reglar.

Personvernombodet er bunden av teieplikt i samband med utføringa av sine oppgåver.
 

Nokre nyttige nettsider​

Kva er personvern? (datatilsynet.no)

Grunnleggjande personvernprinsipp (datatilsynet.no)

Generelle rettar etter personvernregelverket (datatilsynet.no)

Rettar i samband med innsyn, retting, sletting og sperring av journal (helsenorge.no) 

Kontaktinformasjon​​

Ikkje send sensitive eller fortrulege opplysingar per e-post, bruk då eventuelt eDialog. Ver venleg og skriv "personvernombod" i tittelen. 

Frode Hatten
personvernombod

Telefon: 57 83 13 21
E-post: personvernombodet@helse-forde.no

Du kan også sende brev:

Helse Førde HF
v/personvernombodet
Postboks 1000
6807 Førde

 

 

Maŋemus ođastuvvon 2023-12-18