Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Helse i arbeid

"HelseIArbeid" er eit samarbeid mellom helsetenesta og NAV med satsing på førebyggande og helsefremmande tiltak knytt til muskel-, skjelett- og psykiske plagar. Samarbeidet er organisert i bedriftstiltaket og individtiltaket.

 

​Ein kort introduksjon til HelseIArbeid - helsedirektoratet.no​

NAV og helse
Arbeid og skule er av dei viktigaste faktorane med omsyn til god helse. Forsking viser også at pasientar vert raskare friske når dei greier å halde på sine vanlege roller og oppgåver, også ved langvarige helseplager. Dette er bakgrunnen for den nasjonale satsinga på HelseIArbeid der NAV og helsevesenet saman med pasient og arbeidsgjevar, jobbar fram gode løysingar for den enkelte. 

​​


 

Individtiltake​​t​

Individtiltaket h​ar som formål å redusere og hindre at personar med langvarige plager fell ut av arbeidslivet eller studiar. Arbeid og studiar er store og viktige livsarenaer, og slik viktige for den enkelte si fysiske og psykiske helse.

Målgruppa for individtiltaket er personer med:

  • sjukemelding kortare enn 4 mnd ved ryggplagar, 6 mnd ved utbredte nakke og muskelplagar
  • pasientar med gjentekne korte sjukemeldingar, eller som står i fare for å gå ut i sjukemelding for dei same plagene, er også aktuelle
  • det ventast også at pasienten har forsøkt adekvat systematisk opptrening før ei tilvising blir sendt. 

I Helse Førde har ein starta eit samarbeid med NAV, med føremål om å optimalisere behandling og tiltak i samarbeid med pasienten og det øvrige helsevesenet.
  

Tilvising til Hel​​seIArbe​id​

Tilvisingar sendast på vanleg måte og vert handsama etter gjeldande lovverk og retningslinjer innan ti dagar. Følg sjekkliste for tilvising skissert under.

Pasientar som har rett til helsehjelp, vil få ei ordinær utgreiing, samsvarande med behova som er skissert i tilvisinga. Utgreiinga vert ved ei eller fleire faggrupper (lege, ergoterapeut, fysioterapeut, klinisk sosionom) i poliklinikk avhengig av tilvising og problemstilling. 

Ved samtykke og behov vert NAV og fastlege invitert til møte for planlegging av tiltak og vidare oppfølging.

Det er ei uttalt målsetting at pasientar i denne gruppa vert tilvist tidleg, og dei skal komme raskare til. Dersom tilvisar og pasienten saman vurderer at det er hensiktsmessig med eit tilbod som har eit arbeidsretta fokus, bør dette kome fram i tilvisinga og den må merkast med «HelseIarbeid».
 
Individuelle forhold som funksjonsfall på fleire arena (jobb, skule, sosialt, privat), bør i denne samanhengen leggast særleg vekt på. Personar som vert inkludert må ha ein målsetnad om å oppretthalde eller ta opp att tilknyting til arbeid eller utdanning. Eigenmotivasjon og tilknytinga til arbeid, har stor tyding for nytteverdien til den arbeidsretta rehabiliteringa.

​1. Pasienten sitt namn, fødselsnummer, korrekt adresse og telefonnummer, ev. namn på føresette.

2. Tilvisar sitt namn, adresse og telefonnummer.

3. Pasienten si diagnose og beskrivingar av korleis plagene påverkar daglig funksjon knytt til arbeid, utdanning og fritid. (Fysisk, psykisk og sosialt).

4. Opplysningar om trygd- og arbeidsstatus, og ei kort arbeidsanamnese.

5. Sosial situasjon, omsorgsroller, nettverk og eigne ressursar.

6. Rusanamnese.

7. Pågåande behandling og oppfølging i førstelinje/avslutta behandling og effekt.

8. Oppdatert oversikt over legemidlar i bruk.

9. Pasienten sine ønsker og målsettingar.

10. Kopi av relevante epikriser.

11. Behov for tolk.

12. Opplysningar om smittestatus (dersom aktuelt).

13. Merk tilvisinga med «HelseIarbeid».​

 ​​

Bedriftstiltaket​

Bedriftstiltaket består av helsefremmande og førebyggande kunnskapsformidling på arbeidsplassen, følgt av ein IA-prosess med fokus på eigen arbeidskvardag. NAV vel ut aktuelle bedrifter som er interesserte i å jobbe systematisk med dei tiltaka som ligg i modellen.

Bedriftstiltaket er modulbasert, og vert gjennomførte som eit samarbeid mellom Helse Førde og NAV.

Modulane har følgande tema:

  • ​Modul 1 : Muskel/skjelett
  • Modul 2 : Psykisk helse
  • Modul 3 : Smertemeistring og arbeidsmiljø

 

Kontaktinformasjon

​HelseIArbeid er hjå Helse Førde koordinert av avdelinga Samhandling og tverrprofesjonelle tenester​​.

Konta​​​kt ​​oss​

​ 

 ​

Maŋemus ođastuvvon 2024-01-30