Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
En bygning med et fjell i bakgrunnen

Livabygget

Hausten 2024 flyttar vi inn i nytt, somatisk sjukehusbygg - kanskje det mest moderne sjukehusbygget i landet. Livabygget vert eit kvantesprang for pasientar og pårørande. Les vidare, så får du vite kva som kjem på innsida, etasje for etasje.

Vi opna Livabygget med ein seremoni ved Førde sentralsjukehus tysdag 20. august.

Føretaket er stolte over at statsminister Jonas Gahr Støre takka ja og stod for opninga av det nye somatikkbygget. Sjå artikkel under "Nyheitssaker om Livabygget" lenger nede på sida.

foto av sykehusbygg

Foto: Helse Førde

Framover hausten vil sjukehuset gradvis flytte drift frå eksistrande bygg til Livabygget.

Grovt sett er dette funksjon og innhald i dei ni etasjane i nybygget:

8. etasje: Medisinsk sengepost, 26 senger
7. etasje: Ortopedisk og geriatrisk sengepost, 26 senger
6. etasje: Kreft og kirurgisk sengepost, 26 senger
5. etasje: KK, føde-, barsel- og barneavd. 3 fødestover, 19 senger
4. etasje: Nevrologi og rehabilitering, 26 senger
3. etasje: Teknisk etasje
2. etasje: Operasjonsavdeling, 10 operasjonsstover
1. etasje: Sterilsentral, poliklinikkar, skopi og spesialrom
0. etasje: Garderobe, lager, varemottak, korridor til Dagabygget

Her finn du nokre bilde frå bygginga:

 

Om Livabygget

  • Areal ca. 13 000 rutemeter, totalt 123 sengerom, 107 av dei utstyrt med seng for pårørande.
  • Formell overtaking av bygget er 20. august 2024. Første året etter overtaking er prøvedriftsfasen av bygget. Hausten 2024 skal vi ta imot dei første pasientane i sengepostane i Livabygget.
  • Bygget har nesten berre einsengsrom med pårørandeseng. Det er også familierom ved kvinneklinikken og barneavdelinga som begge ligg i femte etasje.
  • Endå betre pasientbehandling og ein betre arbeidskvardag for tilsette er måla våre. For å lukkast med dette, trengs godt samarbeid på tvers, så god pasientflyt som råd, fullgod utnytting av teknologi og digitale løysingar.
  • Ti operasjonsstover skal sikre langt betre arbeidsflyt og utnytting av kapasiteten, saman med ein ny, moderne og høgt automatisert sterilsentral i etasjen under.
  • Gjennom etablering av farmasitun skal legemiddelhandteringa bli tryggare og meir effektiv, der sengepostane får ferdig tillaga medisinane i medisintraller.
  • Rørpostsystem mellom sengepostar i Livabygget og lab i Svanabygget forenklar og effektiviserer daglege rutiner.
  • Arbeidsprosessane skal bli enklare ved varsling og oversikt på digitale tavler og smarttelefonar.
  • Det blir ny ventesone for pasientar, og i tilknyting til akuttmottaket blir det etablert observasjonspost for avklaring av pasientar som kjem inn.
  • Pasienthotellet i Svanabygget får utvida kapasitet.
 
Maŋemus ođastuvvon 2024-09-16