Føretaksleiinga i Helse Førde har vedtatt at det skal settas av velferdsmidlar i budsjettet kvart år til bruk for våre medarbeidarar. Velferdsmidlane skal komme medarbeidarane til gode gjennom vedtak i arbeidsmiljø utval på klinikk- eller føretaksnivå.
Velferdsmidlar er tenkt nytta til enten konkrete investeringar / drift som kan komme ansatte til gode (eks. hytter eller båt) eller til konkrete arrangement som mange kan delta på (eks. stafett, fjelltur, blåtur, julebord, sommarfest).
I skrivande stund har vi desse faste velferdstilboda:
- Personalhytte på Filefjell
- Biltilhengarar for tilsette
- Båt til utlån for tilsette i Nordfjord
- Saltrening på PULS i regi Helse Førde
I tillegg får alle tilsette rabatt på:
- Treningstilbod på Spenst
- Leigebil frå Avis
- Kulturtilbod frå Teater Vestland
I KLP, som alle tilsette er medlem i, får du lån med medlemsfordelar.
Helse Førde har også eit eige bedriftsidrettslag som arrangerer ulike aktivitetar.
Maŋemus ođastuvvon 2022-03-21