Alle tilsette i Helse Førde må vere pålogga i Læringsportalen når dei tek digital kurs. Dette er for å dokumentere at dei har teke kurset.
Opprett passord i Læringsportalen
Om du vil ta kurset på privat PC må du logge på med brukarnamn og passord for å få registrert kursa på deg. Du må derfor først lage deg eit passord i Læringsportalen medan du er på jobb eller er pålogga via jobb-PC.
Korleis lage passord og registrere private epost-adresser i Læringsportalen
Allereie i karantene og ikkje tilgang til jobb-PC?
Om du ikkje kjenner passordet ditt i Læringsportalen og ikkje har tilgang til jobb-PC for å ordne det i stand må du ta kontakt med Helse Vest IKT på telefon 55 97 65 40 for å få passord på sms.
Å jobbe i Kompetanseportalen heimanfrå
Kurs og opplæring relatert til koronavirus i Læringsportalen
Pandemiopplæring: Behandlingsprinsipp forelesning
v/Knut Anders Mosevoll, Overlege Infeksjonsmedisinsk seksjon, HUS
Kursinnhald: Kurset viser ein førelesning om respirasjonssvikt ved COVID-19
Målgruppe: Sjukepleiarar og legar
Pandemiopplæring: AMCDE-forelesning
v/Marthe Alsaker Fjeldstad, Anestesisykepleier, Ferdighetssenteret, HUS
Kursinnhald: Kurset viser ein førelesning om strukturert observasjon-ABCDE
Målgruppe: Sjukepleiarar med ansvar for Covid-19 pasientar
Pandemiopplæring: Respirasjonsforelesning
v/Solfrid Indrekvam, Overlege Lungeavdelingen, HUS
Kursinnhald: Kurset viser ein førelesning om respirasjon (observasjon og tiltak)
Målgruppe: Sjukepleiarar med ansvar for Covid-19 pasientar
Smittevern: Isolering - beskyttelsesutstyr COVID-19
v/Jorunn Kleiva, Spesialsykepleier, Seksjon for pasienttryggleik, HUS
Kursinnhald: Kurset viser prosedyre for utvida dråpesmitteregime ved koronasmitta pasient.
Målgruppe: Alt helsepersonell som skal behandle pasienter i isolat