Som medarbeidar i Helse Førde får du kring 3000 kollegaer. Vi er den klart største arbeidsplassen i gamle Sogn og Fjordane fylke.
Budsjettet vårt er på 3,2 milliardar kroner. Kvart år utfører vi 182 000 polikliniske konsultasjonar og har kring 40 000 liggedøgn.
Vi held til i eit område utan store byar og stor grad av desentralisering. Det speglar også oss. Hovudkontoret vårt ligg i Førde. Vi har institusjonar på seks plassar og ambulansestasjonar spreidde over heile Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.
Mange som kjem til området let seg fascinere av naturen. Kontrastane er store frå storm til stille. Og om avstandane er store frå ytst til inst, er vegen kort frå kyst til hei og frå fjord til fjell.
Velkomen til oss i Helse Førde.
Maŋemus ođastuvvon 2022-12-12