Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Dronefoto av sjukehus

Velkommen inn i Livabygget!

Vi har flytta inn i det nye Livabygget ved Førde sentralsjukehus - kanskje det mest moderne sjukehusbygget i landet. Bli med og sjå korleis stemninga var under innflytting og opning i dei ulike etasjane.

Innflytting i nytt sjukehusbygg
Almmuhuvvon 2024-10-07
Maŋemus ođastuvvon 2024-10-08
Eventyrleg stemning i 5. etasje

Kvinneklinikken og barne- og ungdomsavdelinga har flytta saman i 5. etasje, og har no blitt nye naboar. Under opningsfesten var det duka for skikkelig feiring med eit hav av ballongar, sjukehusklovnar, eventyrstund, kake og gelé. Både små og store bukkar måtte krysse brua for å komme inn i Livabygget.

Et barn med ballonghorn på hodet, og en sykepleier
Med ballonghorn og grønn gelé

Sjukehusklovnane lagde ballongdyr og ballonghorn til barna, og fortalde eventyret om bukkane Bruse som skulle til Liva og få eit friskare liv, til begeistring for både små og store. Det vart også servert grønn gelé, bollar og saft, og i det nye leikerommet blei det turna og leika av stor lyst. 

- Kanskje verdas beste og mest moderne sjukehus, sa statsminister Jonas Gahr Støre under den offisielle opninga av det nye sjukehusbygget.
En mann i rullestol og en rekke helsepersonell i en gang med ballonger og flagg
Pasient stod for opninga i 4.etasje

Når avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering flytta inn i Livabygget, var det pasient Daniel Toa-Kwapong som klipte snora og stod for den offisielle opninga. Han var svært begeistra for dei nye, flotte lokala i Livabygget. 

Opning av ny observasjonspost!

Det var stor stemning då administrerande direktør, Arve Varden, klipte snora, som for anledningen var ein surstoffslange, og offisielt opna den nye observasjonsposten i 1. etasje.

- Vi har kjent lenge på behovet for å kunne modernisere akuttmottaket, og det er ein milepæl å endeleg kunne opne observasjonsposten, sa administrerande direktør Arve Varden.
En pasient blir klargjort for operasjon i en operasjonssal
10 nye operasjonsstover

Den første pasienten blir klargjort for operasjon i ei av dei nye operasjonsstovene i 2. etasje av Livabygget. Dei ti nye operasjonsstovene skal sikre langt betre arbeidsflyt og utnytting av kapasiteten, saman med ein ny, moderne og høgt automatisert sterilsentral i etasjen under.

Grønkledde kvinner med hette på hodet som står foran en tralle
På plass i splitter ny sterilsentral

Sterilsentralen leverer sterilt utstyr til avdelingane som utfører pasientbehandling. Dei har flytta inn i heilt nye lokaler i 1. etasje, fått nye maskiner og nye arbeidsprosessar. Med nytt sporingssystem blir det også enkelt å ha oversikt over utstyret som er i omløp. 

-Vi er med på noko historisk. Det går om lag 40 år mellom kvar gong eit sjukehus blir opna. Det har vore ein formidabel utvikling sidan Svanabygget blei opna i 1979, til dit vi står i dag i nytt Livabygg.
En person som klipper bandasjesnoren i en gang, mens to sykepleiere holder snoren
Kreft og kirurgisk sengepost samla

I 6. etasje var det også duka til fest når sengepostane for kreft og kirurgi flytta saman. Pasientane er komne over, og det oppleves trygt og godt her.

Administrerande direktør Arve Varden, stod for den offisielle opninga, og klipte bandasjesnora som blei helden av seksjonsleiarane på dei to sengepostane. 

En gruppe mennesker som står rundt et bord med en kake på
Kakefest for både tilsette og pasientar

Som seg hør og bør blei det servert både kaffi og kake til alle dei frammøtte etter opninga.

- Gratulerer med dagen til alle oppmøtte og pasientar i heile Sogn og Fjordane. Det er ei stor ære å få opne dei nye sengepostane, sa administrerande direktør, Arve Varden i talen sin under opninga.

En gruppe personer i kledd i hvite helsepersonelluniformer i et rom med ballonger
Spennande omstilling for medisinsk sengepost

Den medisinske sengeposten, som er den største sengeposten ved sjukehuset, får kanskje den største omstillinga i høve flyttinga. Dei får ei rekke nye pasientrom i 8. etasje i Livabygget, men vil også i større grad ta i bruk den nye observasjonsposten, få ein utvida bruk av pasienthotellet, i tillegg til at dei framleis vil bruke delar av den eine korridoren i det gamle Svanabygget. 

En gruppe mennesker som står i en gang med ballonger og en pasient i sykeseng
Den første pasienten på flyttefot

Det var stor feiring med både flagg, ballongar og jubelrop då den første pasienten vart trilla over til den nye medisinske sengeposten i 8. etasje. 

- Dette var skikkeleg flott, og med eige toalett til og med, bekrefta pasienten begeistra, etter å ha kome på plass på nytt einerom. 

- Vi er stolte over arbeidet som er lagt ned, og eg trur vi er godt budde på å ta i bruk eit nytt sjukehus, sa seksjonsleiar Magnus Midtvoll ved medisinsk sengepost.
En mann med dress som står i en gang med ballonger
Nytt tilbod til ei veksande pasientgruppe

I 7. etasje blei sengeposten for ortogeriatri opna og teken i bruk. Dette er ei ny form for tilbod til ei veksande og eldre pasientgruppe. Ortogeriatri rettar seg mot behandling av brotskader blant eldre pasientar, hovudsakleg over 65 år. 

Sjølv om huset no er på plass, skal det fyllast med mykje verdi i tida framover. Arbeidet er soleis ikkje avslutta, men vi feirar at vi er komne so langt, og at alle etasjane er opna og tekne i bruk. Gratulerer til alle!

Dette er funksjon og innhald i dei ni etasjane i Livabygget:

8. etasje: Medisinsk sengepost, 26 senger
7. etasje: Ortopedisk og geriatrisk sengepost, 26 senger
6. etasje: Kreft og kirurgisk sengepost, 26 senger
5. etasje: KK, føde-, barsel- og barneavd. 3 fødestover, 19 senger
4. etasje: Nevrologi og rehabilitering, 26 senger
3. etasje: Teknisk etasje
2. etasje: Operasjonsavdeling, 10 operasjonsstover
1. etasje: Sterilsentral, poliklinikkar, skopi og spesialrom
0. etasje: Garderobe, lager, varemottak, korridor til Dagabygget