- Alle prøver må vere merka med pasienten sitt namn, fødselsnummer og prøvetakingstidspunkt. Feilmerka prøver, eller prøverør som ikkje stemmer med rekvisisjonen, må vi dessverre kaste.
- Blodprøver skal merkast ved pasienten like etter prøvetaking.
- Dersom det er anna type materiale enn serum som blir overført til fordelingsrør, må type materiale skrivast på prøveetiketten (til dømes EDTA-plasma til PTH).
- Prøver med kjent eller mistenkt blodsmitte skal merkast med gul lapp. Her skal og rekvisisjonen merkast med blodsmitte.
- Prøver til blodtyping og pretransfusjonsundersøking må signerast av prøvetakar, som stadfesting på at heile fødeslsnummeret er kontrollert. Prøver utan signatur kan ikkje nyttast.
Barkodeetikettar blir lest i analysemaskinene, og det er ønskeleg at etikettane blir klistra loddrett med strekkodene øverst. Det er også ønskeleg at etikettane blir klistra slik at vi kan sjå blod-/serumsøylene i prøverøra.
Prøverøret til venstre er korrrekt merka (strekkoden opp, blodsøyla viser)
Feil klistring:
- Etiketten er klistra slik at blodsøyla ikkje viser
- Strekkoden vender nedover
- Etiketten er klistra saman på tvers av prøverøret
- Etiketten er klistra på skrå
Maŋemus ođastuvvon 2024-04-17