Avvising av prøve ved feil og manglar
Krav til kvalitet og pasientsikkerheit gjer at vi i nokre tilfelle må avvise mottatt prøve. Feil og manglar vil bli kommunisert til rekvirent, med grunngjeving for avvising og opplysning om at det ikkje vil komme resultat på prøven.
Eksempel på feil er manglande samsvar mellom opplysningar på rekvisisjon og identifikasjon av pasient eller prøve, feil ved prøveinnhald (mengd, transportmedium), feil ved transport (tid , temperatur).
Laboratoriet kan avgjere at klinisk kritisk eller uerstatteleg prøve likevel skal undersøkast. Rekvirent vil då måtte sikre nødvendig pasient- og prøveinformasjon. Feil og manglar, og ev. følgjer for tolking av resultat, skal vere kommentert i svarrapport.
Handbok i blodprøvetaking
Dei som har tilgang til prosedyrar om venøs og kapillær prøvetaking i Noklus kan med fordel bruke desse.
Her ligg lenke til Helse Førde sine blodprøvetakingsprosedyrar, som er retta mot prøvetaking i sjukehus:
Forbetringsforslag eller klager
Vi vil gjerne ha forslag til forbetring av laboratorietenestene. Forbetringsforslag og klager kan sendast via "Gi tilbakemelding" i Labanalyse.helse-forde.no.
Hugs at det ikkje må stå pasientopplysningar i denne tilbakemeldingsfunksjonen.
Dersom det kjem skriftleg klage som er knytt til aktiviteten eit laboratorium har ansvar for, vil laboratoriet registrere saka i Helse Førde sitt saksbehandlingssystem. Avsendar får melding om at klagen er mottatt, og eventuell oppdatering om utfallet av saka.