Undersøking, Undersøking
Blodprøve
Ved blodprøver tappar vi litt blod og undersøker det. Vi analyserer blodet for å få eit bilete av kva som skjer i kroppen din. Det kan vi sjå ved å studere antal blodceller og samansettingar av ulike biokjemiske stoff. Ei blodprøve blir tatt for å finne normale eller sjukelege forhold i kroppen. Vi kan også bruke blodprøva til å sjå om du har fått i deg legemiddel eller giftstoff.
Før
Enkelte analysar blir direkte påverka av måltid og/eller kosthald. Det er difor viktig at du følgjer retningslinene frå den som har bestilt blodprøva. Dersom du har spørsmål om faste eller diett, kan du spørje legen din (tilvisande lege).
Ofte stilte spørsmål
Under
Du blir spurt om namn og fødselsnummer (11 siffer) før vi tar blodprøva. Dette gjer vi for å sikre at prøvene blir riktig merka.
Dei fleste prøvene blir tatt på innsida av olbogen.Du får eit stramt band rundt overarma slik at blodåra blir godt synleg og lett å stikke i. Vi stikk med ei tynn nål og blodet blir tappa på små rør.
Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis berre nokre få minutt, og blir gjort mens du sit i ein stol. Viss det er mogleg bør du sitte i ro i minst 15 minutt før du tar blodprøva. Vi tappar vanlegvis 1 - 5 små rør med blod, avhengig av kor mange analysar legen din har bestilt.
Etter
Etter at prøva er tatt, legg vi eit lite kompress på stikkstaden. Den skal du trykke lett på for å hindre blødingar.
Ein sjeldan gang blir blodprøva tatt frå ein arterie. Da vil du få beskjed om å klemme hardt og lenge på stikkstaden for å hindre blødingar.
Dersom du brukar blodtynnande medisinar bør du klemme litt lenger på stikkstaden.
Resultat av undersøkinga
Resultat på blodprøva blir sendt til den som har bestilt prøven for deg. Tilvisande lege informerer deg om prøveresultatet. Laboratoriet har diverre ikkje høve til å formidle prøvesvar direkte til deg.
Det er ulikt kor lang tid det tek å analysere blodprøvene. Medan nokre resultat vil vere ferdig på få minutt, vil andre vere klar etter få timar, seinare same dag eller neste dag. For enkelte prøver kan det ta dagar før svaret føreligg. For prøver som vi må sende til andre sjukehus kan svartida variere frå dagar til veker.
Dersom du er innlagd på sjukehuset, eller har time på ein av poliklinikkane, er mange prøveresultat klare like etter analyseringen.
Dersom prøvesvaret blir sendt i posten til for eksempel fastlegen din, kan det ta nokre dagar før du får svar.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
LMBB - seksjon Førde sentralsjukehus
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nordfjord sjukehus
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Lærdal sjukehus
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal
Sunnfjord medisinske senter
Hans Blomgate 39
6905 Florø