Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
En kvinne og en mann som sitter

Psykisk helsevern

Psykisk helsevern og rustenestene har akuttavdeling for vaksne i Førde, og distrikts psykiatrisk senter i Førde og i Florø (poliklinikk), Sogndal og på Nordfjordeid. Det er døgnpost i Førde, og ved Nordfjord og Indre Sogn psykiatri senter. Tverrfagleg spesialisert rusbehandling er fullt ut integrert i dei distriktspsykiatriske sentera. Psykisk helsevern for barn og unge har poliklinikkar med tilbod tre stadar: Førde, Nordfjordeid og Sogndal. Ungdomspost psykisk helsevern (UPH) er fylkesdekkande institusjon for ungdom mellom 12 og 18 år.  Psykisk helsevern for barn og unge, Indre Sogn psykiatrisenter og Psykiatrisk klinikk gjev tilbod om rask vurdering i poliklinikk. Det vil seie at legar kan rådføre seg med behandlar eller bestille time for vurdering i poliklinikk påfølgjande dag.

Kontakt

Postadresse

Helse Førde, Klinikk for Psykisk helsevern, postboks 1000, 6807 Førde.

Kontakt oss via eDialog

      NORSE - Feedbackverktøy legg vekt på brukarmedverknad

      Helse Førde har utvikla eit system der pasientar gir strukturert sjølvrapporterting om korleis dei har det og kva behov dei har. Dette viser seg å kunne gi betre effekt av behandling.
      Les meir om NORSE
      illustrasjon NORSE

      Kva med ungane når eg er sjuk?

      Råd til foreldre og omsorgspersonar når familien opplever alvorleg sjukdom.
      Last ned brosjyren (pdf)
      Barn-som-pårørande---folder-nett.jpg