Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Mikrobiologisk avdeling

Avdelinga vår gir mikrobiologisk service til alle deler av helsetenesta i Sogn og Fjordane. Dette omfattar diagnostikk og rådgjeving ved infeksjonssjukdomar og undervisning av helsepersonell.

Mikrobiologisk avdeling er akkreditert av Norsk Akkreditering Mikrobiologisk avdeling vart akkreditert 14. oktober 2016 etter NS-EN ISO 15189:Medisinske laboratorier. Krav til kvalitet og kompetanse av Norsk Akkreditering med registreringsnummer TEST 301.

Omfang av akkrediteringa.

Akkreditering inneber at avdelinga sine produkt og tenestar må oppfylle definerte krav til kvalitet og det må vere eit system for å overvake og dokumentere at krava vert tilfredsstilt.

Standarden er spesielt tilpassa medisinske laboratorium og omfattar heile prøveprosessen frå rekvirering, prøvetaking, prøvhandtering, analysering til svarrapportering, rådgjeving og tolking. Det vert også sett spesifikke krav til intern kvalitetskontroll og deltaking i ekstern kvalitetsvurdering.

Prøvetaking og val av transportmedium

Mikrobiologisk diagnostikk er svært avhengig av riktig prøvetaking. Val av utstyr og transportmedium avheng av kva slags agens ein leiter etter.

Informasjon om val av transportmedium, finst under kvar enkelt analyse i Labanalysar i Helse Førde. Her finst informasjon om mikrobiologisk prøvetaking.

Oversikt over prøvetakingsutstyr med undersøkingar/analysar til Mikrobiologisk avdeling, FSS

Labanalysar i Helse Førde

Sjå vår elektroniske oversikt for informasjon om alle våre analysar, laboratorieinformasjon og for bestilling av prøvetakingsutstyr.

Labanalysar i Helse Førde
Forside nettsiden labanalysar i Helse Førde

Informasjon om rekvirering, kvalitetskrav til prøve og transport, m.v.

 

 

Laboratorietenester
prøverørsglas med ulike fargar på lokka

Kontakt

Telefon

Måndag - fredag 08.00-15.00. Laurdag 08.00 - 14.00.

Postadresse

Helse Førde, Mikrobiologisk avdeling, postboks 1000, 6807 Førde.

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Informasjon om endringar i opningstider m.m. kan du finne på Labinfo (helse-forde.no).

Informasjon frå laboratorieavdelingane i Helse Førde blir sendt elektronisk for å informere om endringar eller nyheiter som helsepersonell har nytte av. Lab-info blir publisert på nettsida Labanalysar i Helse Førde, og blir i tillegg sendt til dei som melder seg på vårt nyheitsbrev.