Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Ungdomstilbod

Set kurs mot framtida - Meistring og sjølvstendigheit

Er du mellom 13 og 17 år og har lyst å bli betre til noko i kvardagen din?

en gutt med VR-briller

Saman med andre ungdommar kan du få tilbod om eit 3 dagars opphald på Habilitering for barn og unge (HABU) i Førde.

Saman med fagpersonar og foreldre får du hjelp til å finne dine eigne mål og finne tiltak som kan føre til små eller store endringar som du tykkjer er viktige i livet ditt. Du får lære om tema som kan vere bra å kunne som ungdom og ung vaksen, og bli kjent med andre i liknande situasjon som deg. Det blir tilbod om ulike aktivitetar i lag med dei andre ungdommane; treningar, VR-spel, samtalar og førelesingar. Om du ynskjer å bli testa opp mot målsetjinga di tilbyr vi testar på fysisk funksjon, styrke og andre områder.

Dei neste 6-10 vekene jobbar du med dine eigne mål heime saman med familie og hjelparar rundt deg. Deretter får de hjelp av fagpersonane på Habilitering for barn og unge (HABU) til å evaluere måla og motivere deg til å halde fram med det som har fungert godt.

Diagram som viser ein prosess
  • 3-dagarsopphaldet har opplegg frå kl. 9-15 på dagtid, og sosialt treff ein ettermiddag/kveld

  • Ein er i gruppe på 3-6 ungdommar

  • Innkvartering på pasienthotell i målsetningsopphaldet, om ein har behov for det

  • Ungdom i alderen 13 – 17 år som er eller kan bli motivert for å jobbe mot eit mål.
  • Det er aktuelt for deg om du har ei funksjonsnedsetting og hjelpetiltak i kommunen eller spesialisthelsetenesta.
  • Kognitiv funksjon i normalområdet eller lett psykisk utviklingshemming.

  • Forelder/foresatt som er motivert for å vere med på opphald og prosess.
  • Involvering av kontaktperson i kommune

Det er viktig at du finn eit mål som betyr noko for deg. Kan for eksempel vere innanfor desse områda:

  • Fysisk funksjon
  • Sjølvstendigheit / ADL
  • Sosial kompetanse
  • Kognitive strategiar/studieteknikk

Det er ingen deltakaravgift, og det kan søkjast om opplæringspengar.

  • Om du er tilknytt HABU kan du ta direkte kontakt med oss og melde di interesse.
  • Om du ikkje er har tilknytning til HABU kan du henvisast av fastlege. Er du usikker og ynskjer meir informasjon må du gjerne ta kontakt.

  • Vi ønsker at ungdommen skal få støtte i tiltaksperioden av ein person som er kjent frå før og er i heimemiljøet. Dette kan vere alle som er tilknytta ungdommen og vi ønsker at ungdommen skal velge sjølv kven ein inviterer med. Det kan vere personar på skule, i fritidsaktivitetar, SFO/avlastning eller innanfor helse.
  • For å støtte ungdommane i tiltaksperioden er det veldig individuelt kor mykje og korleis oppfølginga bør skje. Det skal vere mulig å få til i dei ressursane som allerede er tilknytta og på dei arenaene ein omgåast.
  • Vi er tilgjengelige for ønska samarbeid i tiltaksperioden.
  • Møtepunkt med forventa deltaking:
    • Førsamtale digitalt
    • Individuelt målmøte dag 3 i gruppeopphald, digital deltaking
    • Enkelte kontaktpunkt med HABU utifrå plan i tiltaksperioden
    • Evalueringsmøte ved avslutning tiltaksperiode

Kursdatoar 2025:

Opphald 1:

  • Førsamtale (1 time på video) i veke 7

  • Målsetningsopphald man-ons veke 9 (24.feb - 26 feb.)

  • Tiltaksperiode i heimemiljø på 6 – 10 veker

  • Evalueringsmøte og eventuelt re-testing om det er relevant for målet ditt veke 16-20

Opphald 2:

  • Førsamtale (1 time på video) i veke 37

  • Målsetningsopphald man-ons veke 39 (22.sept - 24.sept).

  • Tiltaksperiode i heimemiljø på 6 – 10 veker

  • Evalueringsmøte og eventuelt re-testing om det er relevant for målet ditt veke 46-50

Maŋemus ođastuvvon 2025-01-29