Føremålet med sjekklista er å bidra til at tilvisingane har riktig og tilstrekkeleg informasjon, slik at tenestane kan gjer ei rettighetsvurdering på bakgrunn av Prioriteringsveileder – Habilitering av barn og unge i spesialisthelsetjenesten (helsedirektoratet.no).
Sjekklista har fokus på forhold som er særleg viktig for effektiv planlegging av utredning og vidare behandling.
Det vert forventa at det er gjort ei tverrfagleg vurdering i kommunen før tilvising og at informasjon om denne utgreiinga følgjer tilvisinga.
- Er det behov for tolk? Eventuelt kva språk?
- Kven har foreldreansvaret?
- Stadfesting på at føresette samtykker til tilvising.
- Diagnose(r) på tilvisingstidspunktet.
- Aktuelle problemstillingar og ønska målsetting med tilvisinga.
- Aktuelle funn og resultat frå medisinske undersøkingar.
- Legemiddel som er i bruk – oppdatert legemiddelliste.
- Oppgje sentrale samarbeidande instanser, t.d. helsestasjon/skulehelsetenesta, fysio-/ergoterapiteneste, barnehage, skule, avlastning, PPT, BUP, barneverntenesta. Legg ved aktuelle rapportar frå dei aktuelle instansane.
- Er det oppretta kommunal koordinator?
- Er det oppretta ansvarsgruppe?
- Er det utarbeidd individuell plan?
- Er det aktuelt med arbeid knytta til Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, utfordrande adferd og tvangsbruk?
https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/henvisningsveileder
Maŋemus ođastuvvon 2023-12-21