Døgnrytme/måltid
Identitetsband på handleddet gjer at du kan forsyne deg med mat i kantina i 2. etasje. Personalet hjelper deg sjølvsagt med matservering ved behov. Kveldsmat blir servert i pasientkafeen i 7. etasje.
Følgje/pårørande må ta med eller kjøpe eigne måltid i personalkantina i 2. etasje eller kiosken og kafe i 1. etasje. Har du som følgje/pårørande fått rom på pasienthotellet eller bur på rom med mor og barn, kan du få matkort etter avtale med pasienthotellet i 6. etasje.
Er du som pasient i avdelinga i form til det, oppfordrar vi dykk som par å ete saman i kantina i 2. etasje. Følgje har tilgang på kaffi, te og drikke i høve med fødsel. Dette finn de på dagligstova på føde-/barselavdelinga.
Matservering for Kvinneklinikken
Kvardagar:
Frukost klokka 08.00-10.00
Lunsj klokka 11.30-12.30
Middag klokka 15.00-16.00 (til klokka 16.30 i 2. etasje)
Kveldsmat blir servert i avdelinga
Helg og sommarferie:
Frukost klokka 08.00-10.00
Middag klokka 12.00-13.30 (til klokka 15.00 i 2. etasje)
Kveldsmat blir servert i avdelinga
Rom/Pasienthotell
Kvinneklinikken har både enkeltrom og fleirmannsrom. Enkeltrom fordelast nøye utfrå ulike behov hos kvinnene i avdelinga. Om mogleg prøver vi å legge til rette for at far/partnar kan overnatte saman mor og barn. Dersom ikkje dette er mogleg kan du ta kontakt med pasienthotellet i 6. etasje for rom.
Registrering på pasienthotellet:
Hugs at om du som partnar har rom i avdelinga saman med mor og barn skal du registrere deg med namn i resepsjonen på pasienthotellet i 6. etasje. Er det stengt i 6. etasje registrerer du deg i resepsjonen ved inngangen i 1. etasje.
Kvinneklinikken som undervisningsavdeling
Kvinneklinikken er ein utdanningsinstitusjon. Dette betyr at du som pasient kan møte medisinar-, jordmor- og sjukepleiarstudentar under utdanning, og desse vil kunne vere involvert i di behandling.
Bruk av mobiltelefon:
Vi ber pasientar å ta omsyn til andre pasientar på rom og i avdelingen ved bruk av mobiltelefon. Hos oss har vi mange slitne og trøytte kvinner etter operasjonar og fødsel som trenger mykje ro og kvile.
Les meir om trådlaust internett