Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Praktisk informasjon om rom på kvinneklinikken

Velkommen til kvinneklinikken i Helse Førde! Her finn du litt praktisk informasjon om rom, måltid og rutiner ved Førde sentralsjukehus.

Et par uniformkledde går gjennom en gang med et stort maleri på veggen

Rom

  • Kvinneklinikken har rom i Liva (nytt bygg) og i Svanabygget.
  • Målet er at alle skal ha einerom men nokre gonger må pasientar dele rom.

Overnatting

  • Ledsager overnattar gratis
  • Skapseng blir slått ut frå veggen.
  • Du legg sjølv på putevar og laken. Vi nyttar hygienedyner som ikkje har behov for dynetrekk. Når du reiser tek ledsager sengetøy av eiga seng.

Kle og sengetøy

  • Sengetøy, handkle, bind og bleier m.m. hentar dykk sjølve i skap i gangen.

Måltid 

  • Pasient får måltida gratis.
  • Ledsager kjøper mat sjølv i kantina i 2 etasje eller kafeen i 1 etasje (Har betalingsterminalar)
  • Når ledsager overnattar på rom har dei ansvar for å hente mat til pasient i pasientkafe i 4 etasje eller i kantina i 2 etasje.
  • Når pasient er i stand til det kan dykk ta med barnet og ete i kantina i 2 etasje.
  • Om du overnatter aleine ordnar personalet mat på rom til du er sprek nok til å hente sjølv.
  • Spesialkost (allergier/intoleranse m.m) hos pasient. Ledsager hentar mat i pasientkafe i 4 etasje. Er du aleine på rommet hentar personalet spesialkost fram til du sjølv er sprek nok til å hente/ete i 4 etasje.

Opningstider kantiner/kaféar:

Kantine 2.etg

Kvardagar: kl. 07.30-20.00                              

  • Frokost: 07.30-10.00
  • Lunsj :     10.30-13.00
  • Middag:  13.30-17.00


Helg: kl. 08.30-15.00

  • Frokost: 08.30- 10.00
  • Middag: 12.00-14.30


Pasientkafe 4.etg

Kvardagar:                  

  • Frokost: 08.30-09.30
  • Lunsj:      12.00-13.00
  • Middag:  15.15-16.00
  • Kvelds:  18.30-20.00

Helg/heilagdagar:  

  • Frokost: 08.30-09.30
  • Middag: 12.00-13.00
  • 13.00- kvelds: Buffe selvforsyning
  • Kvelds:  18.30-20.00

Meny

Mattilbod i Helse Førde - Helse Førde HF

Å ringe på hjelp

  • Kvinneklinikken har “Stille sjukehus” Det betyr at personalet går med mobiltelefon. Når du ringer på ved å dra i ringesnor kommer alarmen på personalets telefon.

Undersøkingar/samtalar med mor

  • Dagleg blodtrykk, puls, temp (ONEWS)
  • Eventuelt blodprøver etter behov
  • Postpartumsamtale med jordmor (om fødsel)
  • Utreisesamtale med jordmor

Undersøkingar av barnet

  • Nettovekt på dag 3 (ev. dagleg på indikasjon)
  • Vitalia måles 2, 6 og ev. 24 timar etter fødsel
  • Hørselstest
  • Nyfødtscreening etter 48 timar
  • Barnelegeundersøking

Nyfødtscreening og undersøking av nyfødte - Helsenorge

Familierom på barneavdelinga

  • Er barnet innlagt på nyfødtintensiv tilstreber vi at de får familierom der.
  • Personalet på kvinneklinikken har ansvar for mor og barneavdelinga for barnet.

Besøk

  • I avdelingen er det lov med besøk av ledsager og søsken av nyfødt.
Maŋemus ođastuvvon 2024-10-31