Tid og stad
Når
- 17. golg 2024, 11:00 - 15:00
- 31. golg 2024, 11:00 - 15:00
- 27. guov 2025, 11:00 - 15:00
Type arrangement
Gruppeopplæring
Arrangør
NOKLUS
INFORMASJON
Kurset blir gjennomført i samarbeid mellom Medisinsk avdeling, Noklus (Norsk kvalitetsforbedring av laboratorievirksomheit utanfor sjukehus), brukarrepresentant og Lærings- og meistringssenteret (LMS). Noklus har erfaring og kompetanse innan opplæring i eigenkontroll og eigenmåling, og tilbyr eit standardisert og kvalitetssikra tilbod.
For å delta i opplæringa må du både vere i stand til, og motivert for å ta ansvar for eigenkontroll av Marevanbehandlinga. Det vil sei at du må delta på alle kursdagane, vere sjølvdisiplinert nok til å måle PT-INR, ta blodprøvar og medisin. Samt fylle ut journal og samarbeide med Noklus i opplæringsperioden.
Opplæringsprogrammet består av to kursdagar, individuell opplæring av måleteknikk og avsluttande prøve etter 21 veker. I tillegg må du ta ekstra blodprøver for kontrollmåling av PT-INR med jamne mellomrom. Du får rekvisisjoner og kan ta prøvene på næraste legekontor, som sender dei til analysering på sjukehuslaboratoriet.
I opplæringstida vil du som deltakar få:
- Kunnskap om eigenkontroll av Marevanbehandling.
- Ferdigheit i PT-INR-eigenmåling og dosering av Marevan.
- Høve til å møte andre i same situasjon og dele erfaringar.
For fastlegen:
Informasjonsbrev (PDF)
Noklus:
Noklus er ein landsdekkande, ISO-sertifisert organisasjon med eit senter i Bergen og laboratoriekonsulentar og legespesialistar knytt til regionale helseføretak i alle fylker.
Noklus tilbyr tenester til norske legekontor, sjukeheimar og andre helseinstitusjonar. I tillegg har Noklus ei eiga forskings- og utviklingsavdeling.