Tid og stad
Medisinsk poliklinikk ved Lærdal sjukehus, Lærings- og Meistringssenteret i Helse Førde og erfaren brukar helsar velkommen til 3 dagers lærings- og meistrings kurs for deg med diabetes type 2.
Pårørande kan delta. Ver venleg å gje beskjed veka før kursstart dersom pårørande skal delta
Målet er at du skal leve best mogleg med diabetes ved å få
-informasjon om sjukdommen og behandlinga
-kunnskap om ernæring og fysisk aktivitet
-høve til å treffe andre i same situasjon
-inspirasjon til meistring og sjølvhjelp
Stad: Lærdal sjukehus, møterom 2.etg, med avd.
Program
09.30-10.15 Velkomen. Opning av kurset
10.15-10.45 Å leve med diabetes v/brukarrepresentant
11.00-12.00 Om diabetes v/lege
12.00-12.45 Lunsj
12.45-13.45 Om diabetes v/lege
13.45-14.15 Spørsmål/oppsummering
09.30-09.45 Velkomen tilbake
09.45-11.45 Diabetes og mat v/klinisk ernæringsfysiolog
11.45-12.30 Lunsj
12.30-13.15 Tannpleie v/tannlege
13.30-14.15 Blodsukkermåling v/kursleiar
14.15-14.30 Spørsmål/oppsummering
09.30-09.45 Velkomen tilbake
09.45-10.45 Fotpleie v/fotterapeut
11.00-11.45 Tankar rundt det å få ein kronisk sjukdom v/psykolog
11.45-12.30 Lunsj
12.30-14.00 Fysisk aktivitet v/fysioterapeut
14.00-14.30 Oppsummering/evaluering
Kostnad: Du betaler ein eigenandel kr 403,- poliklinisk konsultasjon.
Ingen eigenandel for pårørande.
Mat kan kjøpast i kantina.
Ta kontakt med Pasientreiser på telefon 05515 eller www.pasientreiser.no ved behov for tilrettelegging av reisa
- Avbestilling seinast 24 t før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs vil sjukehuset krevje eit gebyr på kr 1612 ,- (som ikkje blir registrert som eigenandel)