Smittevern for kommunehelsetenesta
Smittevernet i Helse Førde(HF) er organisert i seksjon for «Fag og utvikling», i avdeling «Kvalitet og pasienttryggleik».
Med bakgrunn i blant anna «Forskrift om smittevern» og «Delavtale smittevern» som alle kommunane har med HF, bistår me med råd og rettleiing i smittevern og førebyggande arbeid til kommunale helseinstitusjonar. Fylket sin Smittevernkommitè skal arbeide med overordna satsingsområde for kommunane og følgje opp delavtalen.
Sentrale punkt i arbeidet vårt er:
- Førebygging av Helsetenesteassosierte infeksjonar(HAI): som er infeksjonar påført under opphaldet
- Basale smittevernrutinar: som vernar både pasientane og dei tilsette
- Antibiotikaresistens: enkelte infeksjonar kan bli vanskeleg å behandle framover
- Handtering av utbrot som Norovirus og MRSA
- Infeksjonsovervaking (Prevalens og Insidens)
Prosedyrane som omhandlar desse punkta, skal vere tilgjengeleg i institusjonens Infeksjonskontrollprogram (IKP). Desse, samt nyhende, undervisningar/førelesingar og infeksjonsregistreringar, finn de i høgre menyen under fag og presentasjonar.

Laila Aarnes
Hygienesjukepleiar med hovudansvar for kommunehelsetenesta
lailaLaila har ansvar for institusjonar i Solund, Gulen, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Høyanger, Sogndal, Kinn, Sunnfjord Bremanger (Svelgen) kommunar i tillegg til Røde Kors Haugland rehabilteringssenter.

Aina har ansvar for institusjonar i Lærdal, Aurland, Luster, Sogndal, Årdal og Vik kommunar.

Lise Karin Sørensen
Kontakt Nordfjord sjukehus
liseLise har ansvar for institusjonar i Stad, Gloppen, Stryn, Kinn og Bremanger (Kalvåg) kommunar.

Kari Holvik Furevik
Leiar kvalitet og pasienttryggleik
kari