HELSENORGE
ein mann i kvit uniform sit på ein stol og følgjer med på ein skjerm

Samhandling og tverrprofesjonelle tenester

Vi arbeider ut frå ei heilskapleg tilnærming der vi legg til grunn at både fysiske, psykiske og sosiale faktorar heng saman og kan påvirke kvarandre gjensidig, både i kvardags- og arbeidsliv.

Vi er ein del av det grøne skiftet

For oss betyr det grøne skiftet ein overgang til produkt og tenester som reduserer det miljømessige fotavtrykket. Vi freistar å redusere tal pasientreiser. Der det er føremålstenleg, gir vi tilbod om videokonsultasjonar som alternativ til å møte fysisk. Det gjeld også våre tilsette som er oppfordra til digital deltaking, framfor fysisk frammøte når reisa inneber miljøpåvirkningar.

illustrasjon resirkulering 

Vi freistar å vere medvitne i høve til å redusere svinn, auke gjenbruken og prioritere bruk av miljømerka, økologiske og/eller kortreiste mat- og drikkevarer. Plast, papir og metall blir samla, og levert til resirkulering.

Innovasjon og teknologiutvikling er ein av nøklane til det grønne skiftet. Det er vår målsetting at dei tilsette i størst mogleg grad nyttar elektroniske løysingar, køyrer kollektivt/miljøvenleg, og gjerne er fleire i same bil. Mange av dei tilsette vel å gå, eller til sykle til jobb. Gjennom mange små tiltak opplever våre tilsette at vi bidrar i høve til å redusere det miljømessige fotavtrykket til helseføretaket.

 

Helse i arbeid

HelseIArbeid er eit behandlingstilbod som gir rask tilgang til tverrfagleg utgreiing og vurdering av vanlege utfordringar knytt til muskel-/skjelett og psykisk helse. Målet er å kunne sjå livssituasjonen til den det gjeld i ein heilskap, der ein også freistar å gjere arbeidsrelaterte avklaringar.

Tilbodet er ei nasjonal satsing og eit samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og NAV. Målsettinga er at du skal kunne stå lenger i jobb, ved å få behandling for plagene dine samtidig som arbeidsplassen kan tilrettelegge for deg.

 


Det er ønskeleg å komme tidleg inn til utgreiing og avklaring. Du kan få tilvising når det er fare for sjukmelding, hyppige sjukmeldingar, eller i ein tidleg fase av fråversperioden. Du treng ikkje å ha prøvd behandling i primærhelsetenesta/kommunehelsetenesta før du får tilvising til HelseIArbeid.

Tilvisinga blir vurdert innan ti virkedagar i samsvar med nasjonal prioriteringsrettleiar. Ved rett til helsehjelp får du innkalling til time. I tida fram til utgreiing eller ved eventuelle endringar i helsetilstaden, skal du ta kontakt med fastlegen.

Eit tverrfagleg team startar utgreiing og vurdering av dei helseplagene som påvirkar din funksjon i jobb eller studiar. Utgreiinga er tverrfagleg. Målsettinga er å avklare årsak til plagene i tillegg til å føreslå eigna oppfølgingstiltak.

NAV - Rettleiaren si oppgåve er å bidra til tilrettelegging i arbeidssituasjonern, og å gjere naudsynte vedtak. Samtale og oppfølging frå NAV skjer kun etter samtykke.

For mange er ei utgreiing i tverrfagleg poliklinikk tilstrekkeleg, utan vidare behandling og oppfølging. Dersom vi ser behov for vidare behandling kan du få tilbud om individuell oppfølging, eller deltaking i gruppetilbod.

 

 

Fann du det du leita etter?