Årshjul
Første kvartal
Agenda
- Gjennomgang av samhandlingsavvik
- Fagnettverk innan habilitering og rehabilitering
Andre kvartal
Agenda
- Val av kommunerepresentant til juryen for Kvalitetsprisen
- Fagnettverk eldremedisin - evaluering
Tredje kvartal
Agenda
- Gjennomgang av samhandlingsavvik
Fjerde kvartal
Agenda
- Godkjenning av møteplan for 2022
- Godkjenning av budsjett, brukarutvalet
- Evaluering av retningslinjer for felles brukarutval
Oppgåver
Strategisk samarbeidsutval har ansvar for å
- følgje opp og vedlikehalde rammeavtalen
- gi si vurdering i saker av prinsipiell administrativ, fagleg og økonomisk karakter som gjeld samhandling i høve pasientar/brukarar
- drøfte og tilrå løysing ved usemje som ikkje kan løysast på anna nivå
- tilrå delavtalar overfor partane og godkjenne prosedyrar som gjeld samhandling om felles pasientar etter framlegg frå fagrådet eller ein eller fleire av partane
- drøfte rapportar om avvik og uønska hendingar som gjeld samhandlinga
- førebu dialogmøtet
- arrangere samhandlingskonferansen
- fokusere på erfaringsutveksling, kompetanseoverføring og felles møteplassar
- bidra til utvikling og spreiing av gode modellar for samhandling
- ha eit oppdatert oversyn over ulike samhandlingsprosjekt i området til tidligare Sogn og Fjordane
Samansetjing
Strategisk samarbeidsutval skal vere samansett av seks representantar frå kommunane, seks frå Helse Førde HF og to brukarrepresentantar. Ein av kommunerepresentantane og ein av representantane frå helseføretaket skal også vere medlemar i fagrådet (gjennomgåande representasjon). Det skal oppnemnast vararepresentantar.
KS i fylket syter for oppnemning av dei kommunale representantane. Ved oppnemninga skal ein sikre at det er ein representant frå alle regionrådssamarbeida i fylket. Brukarutvalet oppnemner brukarrepresentantane. Medlemane er sjølve ansvarlege for kontakten med dei som dei representerer. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, KS Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune har møte- og talerett for ein utsending kvar. Representantane blir oppnemnde for fire år.
Arbeidsform
Utvalet konstituerer seg sjølv. Leiar- og nestleiarfunksjonen vekslar i november kvart andre år mellom Helse Førde HF og kommunane.
Møtestad/arrangør skal veksle mellom kommunane og Helse Førde gjennom året.
Saker blir fremja av partane gjennom representantane, som har eit sjølvstendig ansvar for å bringe fram tema/saker til handsaming. Vedtak føreset at alle medlemane er samde og forpliktar partane. Helse Førde HF og den enkelte kommunen har ansvar for at vedtak blir gjennomførde.
Strategisk samarbeidsutval skal ha møte minimum 4 gonger pr. år, og møteplan for funksjonsperioden blir avtalt. Utvalet legg fram årsrapport i 1. kvartal.
Sekretariatsfunksjonen ligg til Helse Førde HF. Helse Førde HF og kommunane ber eigne kostnader.
Strategisk samarbeidsutval er samansett slik:
- Leiar: Arve Varden, adm.direktør, Helse Førde HF
- Martin Lundgård, kommunedirektør, Askvoll kommune
- Børge Tvedt, direktør psykisk helsevern, Helse Førde HF
- Anne Kristin Kleiven, utviklingsdirektør, Helse Førde HF
- Asle Kjørlaug, fagdirektør, Helse Førde HF/Fagleg samarbeidsutval
- Trine Vingsnes, direktør medisinsk klinikk, Helse Førde HF
- Dagrun Kyrkjebø, samhandlingssjef, Helse Førde HF/Fagleg samarbeidsutval
- Terje Heggheim, kommunedirektør Sunnfjord kommune
- Åslaug Krogsæter, kommunedirektør, Stad kommune
- Jan Helge Dale, fastlege, Kinn kommune/Fagleg samarbeidsutval
- Gunn Lerøy, kommunedirektør Lærdal kommune
- Elin-Therese Sørbotten, interkommunal samhandlingskoordinator for kommunane i Sogn og Fjordane/Fagleg samarbeidsutval
- Jan Tore Odd, Felles brukarutval
- Arne Hovland, Felles brukarutval
Leiarfunksjonen går på omgang mellom partane.
Varamedlemer:
- Øyvin Bang Olsen, kommunedirektør, Kinn kommune (for Terje Heggheim)
- Jens-Eivind Kobbeltvedt, kommunedirektør, Solund kommune (for Martin Lundgård)
- Øystein Furnes, kommuneoverlege, Sunnfjord kommune (for Jan Helge Dale)
- Anders Skipenes, kommunedirektør, Stad (for Åslaug Krogsæter)
- Tom Guldhav, direktør Kirurgisk klinikk, Helse Førde HF
- Vidar Øvrebø, stadleg leiar Lærdal sjukehus, Helse Førde HF
- Toril Taklo, avdelingssjef psykisk helsevern for barn og unge, Helse Førde HF
- Robert Brennersted, avdelingssjef avdeling for akuttmedisin, Helse Førde HF
Observatør:
- Hilde Ystanes, seniorrådgjevar, KS Vest-Norge
Møtereferat og vedlegg