HELSENORGE

Sogn og Fjordane helsefellesskap

Etablering av 19 helsefellesskap i Norge er eitt av dei skisserte tiltaka i Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020 – 2023, og bygger på ein avtale mellom regjeringa og KS om innføring av helsefellesskap for å skape ei meir samanhengande helse- og omsorgsteneste.
Helsefellesskapa skal utvikle og planlegge tenestene saman som likeverdige partnarar. I helsefellesskapa vil representantar frå helseføretak, kommunar, lokale fastlegar og brukarar møtast for å planlegge og utvikle tenestene saman.

Helsefellesskapa bør prioritere utvikling av tenester til barn og unge, personar med fleire kroniske lidingar, personer med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem, og skrøpelege eldre. Helsefellesskapa skal finne løysingar som passar til lokale behov og føresetnader. Etablering av helsefellesskap bygger på følgande prinsipp: ein tydlegare samarbeidsstruktur, betre felles planlegging, auka samordning, betre beslutningsprosessar, felles virkelighetsforståing, tydelege prioriteringar og felles sekretariatsfunksjon.

Sogn og Fjordane helsefellesskap vart etablert i desember 2021 og bygger på den etablerte strukturen ein allereie hadde i regionen, med samarbeidsorgan som ein gjennom mange år har hatt mellom Helse Førde og kommunane i opptaksområdet. Strategidokument for helsefellesskapet vart vedteke 30.11.22. ​

Møteplan Helsefellesskap 2023
​ ​​
Arrangør/MøtestadFagleg samarbeidsutval Strategisk samarbeidsutvalPartnarskapsmøte
​Kommunane
​25. januar
​16. februar
​3. mars
Helse Førde
27. april
31. mai
 
Kommunane
14. september
5. oktober
 
Helse Førde
15. november30. november

Strategi for Sogn og Fjordane helsefellesskap​

Handlingsplan 2023-2024 Sogn og Fjordane helsefellesskap (PDF)

​PartnarskapsmøtetStrategisk sam​arbeidsutvalFagleg samarbeidsutval

Avtaleutvalet

Fann du det du leita etter?