Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Illustrasjon av virus

Informasjon om koronatiltak i samhandling mellom allmennlegetenesta og Helse Førde

PKO tilstrebar heile tida å halde denne informasjonen oppdatert.

​Oppdatert:  07.01.21

Covid 19 vaksinasjon

Covid 19 vaksinasjonen er i gang.  Taktisk samhandlingsgruppe legg ut viktig info etter sine tirsdagsmøter på samhandlingssidene.  Nyttig lesnad for allmennlegar og andre interesserte her
https://samhandling-sfj.no/taktisk-samhandlingsgruppe/

skillelinje

Skilnet

Vi reknar med at dei fleste allmennlegar held seg oppdatert på nasjonale føringar vedr Covid 19 i eposter sendt frå «Allmennlegenes innsatsgruppe covid-19».  Hovudoppslaga her blir samla på SKILnet.no og er nyttig lesnad for langt fleire enn allmennlegar.   Mykje og god info er samla her – bl.a. gode tabeller for prioriteringsgrupper for Covid 19 vaksinasjon.
https://www.skilnet.no/covid-19/ 

skillelinje

Oppdatert informasjon av transport av prøver i jule- og nyttårshelga

Informasjon som gjeld enkeltkommunar er sendt ut i eigen epost til dei enkelte involverte kontor  (Selje, Stryn, Eid, Hauge)  Informasjon som gjeld fleire er vedlagt i pdf lenka her. 
Transporttider - ny transportavtale HF frå 2.11.2020 (003).pdf

skillelinje

Informasjon om bruk av antigen hurtigtest ved covid-19

- ny og viktig informasjon frå Helsedirektoratet

Over en million covid-19-hurtigtester sendes nå til landets kommuner. De blir fordelt etter kommunenes folketall.
En antigen hurtigtest (som viser resultatet etter 15 minutter) og en PCR-test (som må sendes til laboratorium for analyse) har ulike egenskaper. Rett test må velges til rett bruk.
PCR-test er den mest presise testen for SARS-Cov-2. Den anbefales hvis laboratoriet kan gi svar innen 24 timer, eller hvis svartiden ikke er avgjørende. Antigen hurtigtest kan brukes når det er behov for raske testsvar. Spesielt viktig er dette ved smitteoppklaring i forbindelse med utbrudd. I en del tilfeller anbefales PCR-test i tillegg til hurtigtest.
Informasjonsbrev om hurtigtester 201203.pdf
https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/koronavirus/testing-isolasjon-smittesporing-og-karantene/testing#kommunene-kan-ta-i-bruk-hurtigtester

skillelinje

Taktisk samhandlingsgruppe

Taktisk samhandlingsgruppe vart oppretta etter oppmoding frå Koordineringsrådet og som oppfølging av felles prosedyre for Helse Førde og kommunane  «Samarbeid mellom Helse Førde og kommunane ved influensapandemi»  i samband med Covid-19 pandemien. Gruppa hadde første møtet 10.03.20, og har no digitale møter dei fleste tirsdager frå kl. 15. 
Den taktiske samhandlingsgruppa bistår med medisinske vurderingar og tilrådingar, og kan ta ei rolle i å koordinere tiltaka i primær- og spesialisthelsetenesta.
Referat frå alle møter er tilgjengeleg og nyttig for allmennlegar!
https://samhandling-sfj.no/taktisk-samhandlingsgruppe/

skillelinje

Smittevernsreglar ved pasienttransport i drosje

Smittevernsreglar ved pasienttransport i drosje_oppdatert 10.11.20.pdf

skillelinje

Samhandling om Covid-19 pandemien mellom kommunane og Helse Førde - nokre tilrådingar og påminningar

Tid for å minne om viktige moment i samhandlinga mellom Helse Førde og kommunane når det gjeld avklaring av muleg smittestatus ved innlegging og utskriving av pasientar. 

Samhandling om Covid-19 pandemien mellom kommunane og Helse Førde - nokre tilrådingar og påminningar.pdf

Flytskjema ved melding om pasient med covid-19 mistanke.pdf

Kontaktliste kommunar og smittevern HF.pdf

Rutine testing før utskriving sjukeheimspas_.pdf

skillelinje
 

Covid-19 rute med transport av prøver

Fagdirektør i Helse Førde, Evy-Helen Helleseth, har sendt denne informasjonen til PKO som vi no vidareformidler. Dei enkelte berørte kontor har fått direkte informasjon.   

Covid-19 rute med transport av prøver startar opp fredag 02.10.20
Dette skal vere kvar fredag med varigheit fram til 31.12.20.

Avreise frå Førde   kl. 09.45
Ferge Anda             kl. 11.20
Selje                         kl. 12.45               seinast avreise kl. 13.00
Måløy                       kl. 13.45               seinast avreise kl. 14.00
Eid                            kl. 14.40               seinast avreise kl. 14.45
Stryn                        kl. 15.25               seinast avreise kl. 15.40

Hauge i Bremanger vert henta mellom kl 13.00 og kl. 14.00. Vi vil at sendingar skal vere klar til dei klokkesletta som står ført opp som ankomsttid. Om dette vert fulgt, skal vi kunne vere på Sjukehuset i Førde innen kl 18.00.
Desse rutene vil bli tilknytta ny rammeavtale på transporttenester gjennom ei endringsavtale. Varigheit fram til 31.12.20, og med opsjon på forlenging ein månad om gangen inntil fire månader frå 01.01.21. Forlenging desse fire månadene skjer automatisk med mindre endringsavtala blir avslutta i Helse Førde.
Når vi først henter skal transportør også kunne hente andre prøver.

skillelinje
 


Lab info frå Helse Førde om korona pr 1. oktober 2020

Testkapasiteten ved dei mikrobiologiske laboratoria er i ferd med å bli sprengt.
Forlenga svartid må påreknast.
Mangel på prøvetakingsutstyr og forbruksvarer kan bli eit problem.
Nokre andre analysar blir sjeldnare utført.
https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/108

skillelinje
 

Info frå pasientreiser.

Vi har nokre utfordringar i samband med Covid-19 og transport av pasientar.
 1.       «Sitte forran»
I mange tilfelle blir det rekvirert transport med behov for «Sitte forran». Dette skapar utfordringar for oss, då det medfører at vi må bryte anbefalinga om ein meter avstand.
Vi oppmodar difor behandlar til i minst mogleg grad å nytte dette behovet ved bestilling. I dei tilfella dette behovet er heilt nødvendig, ber vi om ei bekrefting frå behandlar på at anbefalinga på ein meter skal brytast.
 2.       Ledsager
Ved behov for ledsager kjem vi også i konflikt med anbefalinga. Vi vil difor oppfordre til å nytte ledsager som kan køyre eigen bil, i dei tilfella dette er mogleg.
I dei tilfella dette ikkje er mogleg og stor bil ikkje er å oppdrive, må vi også her be om ei bekrefting frå behandlar på at anbefalinga på ein meter skal brytast.
Vi må også minne om at Pasientreiser berre dekker behovet for ledsager under sjølve reisa, ikkje ein ledsager som ein ønskjer å ha med under legebesøket.

skillelinje

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/testing-og-oppfolging-av-smittede/testkriterier/

skillelinje

Oppdatert infrå frå mikrobiologisk avdeling Helse Førde vedr Covid 19 testing.

Testkapasiteten ved dei mikrobiologiske laboratoria er i ferd med å bli sprengt.
Forlenga svartid må påreknast.
Mangel på prøvetakingsutstyr og forbruksvarer kan bli eit problem.
Nokre andre analysar blir sjeldnare utført.

https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/108

skillelinje
 

Testkapasitet Covid 19

Etter ferien har det auka kraftig på med Covid19 tester.   Mikrobiologisk avdeling arbeider i perioder på grensa av sin kapasitet som er ca. 400 prøver pr døgn.  Auken av tal prøver har ulike årsakter ma. utvida kriterier frå FHI vedr testing jfr over, nye smittetilfeller i Helse Førde-området men også logistikk-problematikk for sending av prøver slik at der skjer ei viss opphopning på enkeltdager - jfr lenke under.  Transportproblem i helgar har bl.a medført at enkelte teststasjonar/pasienter via Helsenorge.no ikkje får svar på prøver tatt fredag før tirsdagen etter.   Taktisk samhandlingsgruppe (kommunar-Helse Førde) jobbar med betre logistikk når det gjeld transportutfordringar - også når det gjeld transport av prøver frå legevakter og for å møte ektrautfordringar ved evt. smitteutbrot.  Viktig av prøver som er ledd i smitteoppsporing og der det haster, blir behørig merka slik at mikrobiologisk lab kan finne desse og prioritere. 
Oversyn prøveanalyser etter vekedager mikrobiologisk avdeling Helse Førde.pdf

skillelinje
 

Akutt tolketjeneste for døve, hørselshemma og døvblinde

NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, avd. Tolk har som oppgåve å skaffe tolkar til døve, hørselshemma og døvblinde i Vestland fylke.  Akuttvakta  brukast ved akutt behov for tolk i krisesituasjonar. Tenesta er eit offentlig tilbod
frå NAV og gjeld kun tolking for hørselshemma, døve og døvblinde. I vanleg arbeidstid kan også tolketenesta ved lokal hjelpemiddelsentral kontaktast på telefon

Akutt tolketjeneste for døve hørselshemma og døvblinde.pdf

skillelinje

Test for antistoff (IgG) mot det nye koronaviruset, SARS-CoV-2, er tilgjengeleg ved mikrobiologisk avdeling Helse Førde frå 8. juni og rekvirerast gjennom interaktor. 

Indikasjon for antistofftesten er å sannsynleggjere om ein pasient har gjennomgått infeksjon med SARS-CoV-2, evt. som ledd i utgreiing ved aktuell infeksjon som har vart nokre veker.
Serologisk undersøking er ikkje indisert før minimum 14 dagar etter sjukdomsstart då ein ikkje vil forventa påvisbare IgG-antistoff før. Tidleg i sjukdomsutviklinga er luftvegsprøve (nasofarynks- eller halssekret) til PCR tilrådd.
https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/101

skillelinje

For pasientar med akutt tilvising til indremedisin, kirurgi og ortopedi gjeld no konferanseplikt kun ved positiv prescreening Covid-19  

Det er no konferanseplikt kun ved positivt utslag prescreening test ifht Covid-19 for indremedisin, kirurgi og ortopedi.  Desse skal meldast til vakthavande koronalege via sentralbord.   Når de gjeld lokalsjukehusa så skal pasientar utan koronamistanke meldast til lege ved lokalsjukehuset slik som før - dette gjeld pasientar til indremedisin og skadepoliklinkk.  Ved mogeleg mistanke om Covid-19 smitte eller for pasient i karantene blir pasienten ruta til FSS. Når det gjeld andre avdelingar i Helse Førde skal pasientar som før varslast til vakhavande lege.
Flytskjema ved melding om pasient med Covid-19 mistanke_versjon 6.00.pdf

Innhald i skriftleg informasjon ved innlegging og utskriving under koronapandemien.pdf

skillelinje

Taktisk samhandlingsgruppe ved pandemi

Taktisk samhandlingsgruppe er nedsett av kommunane og Helse Førde for å samhandle om korona, og er samansett av kommuneoverlegar, smittevern og andre fagfolk frå helseføretaket, samt tilsette med ansvar for samhandling.  Gruppa har som oppgåve å følge korona-situasjonen, medverke til informasjonsdeling og utarbeide forslag og tilrådingar til fagleg gode løysingar. Gjennom god samhandling er målet å utvikle og dele løysingar som er berekraftige over tid t.d. også når det gjeld ressursbruk.

https://samhandling-sfj.no/viktig-informasjon-angaande-korona/

Informasjon frå taktisk samhandlingsgruppe mai 2020.pdf

skillelinje

Videoforelesingar frå palliativt team

I samband med Covid-19 epidemien er det trong for kompetanseheving også innan palliasjon.  Palliativt team i Helse Førde har  i samarbeid med Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester gjeve tilbod om videokonferansar i ulike palliative tema.  Målgruppene for møta har vore fastlegar/sjukeheimslegar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar i sjukeheim og heimetenester.  Presentasjonane med bl.a. nyttige algoritmar er lagt ut i lenkene under.   
Behandlings-algoritmar i palliasjon_helge sarheim.pdf

DELIR angst og dødsralling. Undervisning ved Vigdis Å. Sæterlid.pdf

Videoundervisning Dyspnoe.pdf

Praktisk bruk av smertepumpe.pdf

skillelinje

Status for drift ved avdelingar i Helse Førde under Covid-19 epidemien

Helse Førde trapper for tida opp til normal aktivitet og pårørande kan igjen besøke sine på sjukehuset - men heile tida i tråd med smittevernreglane.  Telefon- og videokonsultasjonar vil bli gjennomført i dei tilfeller fysisk oppmøte er unødvendig.  Pasientar som blir sett opp til timar med fysisk oppmøte blir kontakta for bl.a. "prespørsmål/prescreening"  Alle avdelingar er igang med innkalling, men pr no er der framleis redusert drift ved alle avdelingar.  Nye tilvisingar blir teke imot og dialogmeldingar blir lest og svart ut.  Ting som haster må ringast på!  Konferanseplikt ved posititiv prescreeing! Nokon avdelingar har sendt oss spesifikk informasjon jfr under men endringar her vil nok komme.   

Innkalling og mottak til pasientkontakt med fysisk oppmoete under koronavirus-epidemien.pdf
Medisinsk avdeling i koronatider.pdf
Fys med-revma-nevro_drift i koronatider.pdf
Koronavirus og radiologiske undersøkingar_PKO.pdf

skillelinje

Til dette formålet var det inngått avtale om ei dedikert drosje i Førde, Nordfjordeid, Sogndal og Aurland. Pga svært lav bruk av desse drosjene er avtalen sagt opp fom 02.05.20.  Ambulansetenesta tek då over. 
Eigne, noko nedstrippa ambulansar vil bli brukt  og vi skal gi same tilbod for kommunane/pasientane.
Uendra bestiling via AMK.  Så d

skillelinje

Opplæringspakken er utarbeidd av Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) Vestland, Sogn og Fjordane. Føremålet med opplæringsplanen er å sikre at personalet som skal arbeide i kohortavdeling og/eller smitteisolat får ein gjennomgang av sentrale kompetanseområder. Det er lagt opp til individuell gjennomgang (lese, e-læring), felles undervisning (video/webinar eller i avdeling) og praktiske øvingar.
Opplæringspakke for personale ved kohortavdeling og smitteisolat ved koronavirus.pdf
https://ushtsognogfjordane.no/
Oppdatert info frå hygienesjukepleiar 080420.pdf

skillelinje

Behandling av bakteriell superinfeksjon ved Covid-19 pneumoni.

Råd frå lungeavdelinga i Helse Førde vedr valg av antibiotika i tidleg fase der innleggelse ikkje er akuelt/nødvendig.
Behandling av bakterielle superinfeksjonar ved Covid.pdf

skillelinje
Helse Førde - råd og informasjon om koronavirus til pasientar, pårørande, medarbeidarar og media. No også tilrettelagt for videokonsultasjonar!

https://helse-forde.no/koronavirus
https://helse-vest-ikt.no/aktuelt/videokonsultasjon-med-behandlar-via-helsenorgeno

skillelinje
Pasientar på immunsuppressiv behandling og andre risikogrupper

https://helsenorge.no/koronavirus/risikogrupper

skillelinje
Oppdatert info frå hygienesjukepleiar Helse Førde. 

https://samhandling-sfj.no/samhandlingstiltak/smittevern-kommune/smittevern-video/
Oppdatert info frå hygienesjukepleiar 080420.pdf

skillelinje
Behandlingsalgoritmen for dyspnoe inn mot livets slutt.

Kompetansesenteret i lindrande behandling (KLB) Helse Førde/Helse Vest har i høve Covid-19 pandemien oppdatert behandlingsalgoritmen sin for dyspnoe inn mot livets slutt.  Gode råd her - spesielt til sjukeheimslegar. 
Behandlingsalgoritmen for dyspnoe inn mot livets slutt.pdf

Sist oppdatert 19.01.2023