Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Informasjon om koronatiltak i samhandling mellom allmennlegetenesta og Helse Førde
PKO tilstrebar heile tida å halde denne informasjonen oppdatert.
Oppdatert: 07.01.21
Covid 19 vaksinasjon
Covid 19 vaksinasjonen er i gang. Taktisk samhandlingsgruppe legg ut viktig info etter sine tirsdagsmøter på samhandlingssidene. Nyttig lesnad for allmennlegar og andre interesserte her https://samhandling-sfj.no/taktisk-samhandlingsgruppe/
Skilnet
Vi reknar med at dei fleste allmennlegar held seg oppdatert på nasjonale føringar vedr Covid 19 i eposter sendt frå «Allmennlegenes innsatsgruppe covid-19». Hovudoppslaga her blir samla på SKILnet.no og er nyttig lesnad for langt fleire enn allmennlegar. Mykje og god info er samla her – bl.a. gode tabeller for prioriteringsgrupper for Covid 19 vaksinasjon. https://www.skilnet.no/covid-19/
Oppdatert informasjon av transport av prøver i jule- og nyttårshelga
Informasjon om bruk av antigen hurtigtest ved covid-19
- ny og viktig informasjon frå Helsedirektoratet
Over en million covid-19-hurtigtester sendes nå til landets kommuner. De blir fordelt etter kommunenes folketall. En antigen hurtigtest (som viser resultatet etter 15 minutter) og en PCR-test (som må sendes til laboratorium for analyse) har ulike egenskaper. Rett test må velges til rett bruk. PCR-test er den mest presise testen for SARS-Cov-2. Den anbefales hvis laboratoriet kan gi svar innen 24 timer, eller hvis svartiden ikke er avgjørende. Antigen hurtigtest kan brukes når det er behov for raske testsvar. Spesielt viktig er dette ved smitteoppklaring i forbindelse med utbrudd. I en del tilfeller anbefales PCR-test i tillegg til hurtigtest. Informasjonsbrev om hurtigtester 201203.pdf https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/koronavirus/testing-isolasjon-smittesporing-og-karantene/testing#kommunene-kan-ta-i-bruk-hurtigtester
Taktisk samhandlingsgruppe
Taktisk samhandlingsgruppe vart oppretta etter oppmoding frå Koordineringsrådet og som oppfølging av felles prosedyre for Helse Førde og kommunane «Samarbeid mellom Helse Førde og kommunane ved influensapandemi» i samband med Covid-19 pandemien. Gruppa hadde første møtet 10.03.20, og har no digitale møter dei fleste tirsdager frå kl. 15. Den taktiske samhandlingsgruppa bistår med medisinske vurderingar og tilrådingar, og kan ta ei rolle i å koordinere tiltaka i primær- og spesialisthelsetenesta. Referat frå alle møter er tilgjengeleg og nyttig for allmennlegar! https://samhandling-sfj.no/taktisk-samhandlingsgruppe/
Samhandling om Covid-19 pandemien mellom kommunane og Helse Førde - nokre tilrådingar og påminningar
Tid for å minne om viktige moment i samhandlinga mellom Helse Førde og kommunane når det gjeld avklaring av muleg smittestatus ved innlegging og utskriving av pasientar.
Fagdirektør i Helse Førde, Evy-Helen Helleseth, har sendt denne informasjonen til PKO som vi no vidareformidler. Dei enkelte berørte kontor har fått direkte informasjon.
Covid-19 rute med transport av prøver startar opp fredag 02.10.20 Dette skal vere kvar fredag med varigheit fram til 31.12.20.
Hauge i Bremanger vert henta mellom kl 13.00 og kl. 14.00. Vi vil at sendingar skal vere klar til dei klokkesletta som står ført opp som ankomsttid. Om dette vert fulgt, skal vi kunne vere på Sjukehuset i Førde innen kl 18.00. Desse rutene vil bli tilknytta ny rammeavtale på transporttenester gjennom ei endringsavtale. Varigheit fram til 31.12.20, og med opsjon på forlenging ein månad om gangen inntil fire månader frå 01.01.21. Forlenging desse fire månadene skjer automatisk med mindre endringsavtala blir avslutta i Helse Førde. Når vi først henter skal transportør også kunne hente andre prøver.
Lab info frå Helse Førde om korona pr 1. oktober 2020
Testkapasiteten ved dei mikrobiologiske laboratoria er i ferd med å bli sprengt. Forlenga svartid må påreknast. Mangel på prøvetakingsutstyr og forbruksvarer kan bli eit problem. Nokre andre analysar blir sjeldnare utført. https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/108
Info frå pasientreiser.
Vi har nokre utfordringar i samband med Covid-19 og transport av pasientar. 1. «Sitte forran» I mange tilfelle blir det rekvirert transport med behov for «Sitte forran». Dette skapar utfordringar for oss, då det medfører at vi må bryte anbefalinga om ein meter avstand. Vi oppmodar difor behandlar til i minst mogleg grad å nytte dette behovet ved bestilling. I dei tilfella dette behovet er heilt nødvendig, ber vi om ei bekrefting frå behandlar på at anbefalinga på ein meter skal brytast. 2. Ledsager Ved behov for ledsager kjem vi også i konflikt med anbefalinga. Vi vil difor oppfordre til å nytte ledsager som kan køyre eigen bil, i dei tilfella dette er mogleg. I dei tilfella dette ikkje er mogleg og stor bil ikkje er å oppdrive, må vi også her be om ei bekrefting frå behandlar på at anbefalinga på ein meter skal brytast. Vi må også minne om at Pasientreiser berre dekker behovet for ledsager under sjølve reisa, ikkje ein ledsager som ein ønskjer å ha med under legebesøket.
Testkapasiteten ved dei mikrobiologiske laboratoria er i ferd med å bli sprengt. Forlenga svartid må påreknast. Mangel på prøvetakingsutstyr og forbruksvarer kan bli eit problem. Nokre andre analysar blir sjeldnare utført.
Etter ferien har det auka kraftig på med Covid19 tester. Mikrobiologisk avdeling arbeider i perioder på grensa av sin kapasitet som er ca. 400 prøver pr døgn. Auken av tal prøver har ulike årsakter ma. utvida kriterier frå FHI vedr testing jfr over, nye smittetilfeller i Helse Førde-området men også logistikk-problematikk for sending av prøver slik at der skjer ei viss opphopning på enkeltdager - jfr lenke under. Transportproblem i helgar har bl.a medført at enkelte teststasjonar/pasienter via Helsenorge.no ikkje får svar på prøver tatt fredag før tirsdagen etter. Taktisk samhandlingsgruppe (kommunar-Helse Førde) jobbar med betre logistikk når det gjeld transportutfordringar - også når det gjeld transport av prøver frå legevakter og for å møte ektrautfordringar ved evt. smitteutbrot. Viktig av prøver som er ledd i smitteoppsporing og der det haster, blir behørig merka slik at mikrobiologisk lab kan finne desse og prioritere. Oversyn prøveanalyser etter vekedager mikrobiologisk avdeling Helse Førde.pdf
Akutt tolketjeneste for døve, hørselshemma og døvblinde
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, avd. Tolk har som oppgåve å skaffe tolkar til døve, hørselshemma og døvblinde i Vestland fylke. Akuttvakta brukast ved akutt behov for tolk i krisesituasjonar. Tenesta er eit offentlig tilbod frå NAV og gjeld kun tolking for hørselshemma, døve og døvblinde. I vanleg arbeidstid kan også tolketenesta ved lokal hjelpemiddelsentral kontaktast på telefon
Test for antistoff (IgG) mot det nye koronaviruset, SARS-CoV-2, er tilgjengeleg ved mikrobiologisk avdeling Helse Førde frå 8. juni og rekvirerast gjennom interaktor.
Indikasjon for antistofftesten er å sannsynleggjere om ein pasient har gjennomgått infeksjon med SARS-CoV-2, evt. som ledd i utgreiing ved aktuell infeksjon som har vart nokre veker. Serologisk undersøking er ikkje indisert før minimum 14 dagar etter sjukdomsstart då ein ikkje vil forventa påvisbare IgG-antistoff før. Tidleg i sjukdomsutviklinga er luftvegsprøve (nasofarynks- eller halssekret) til PCR tilrådd. https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/101
For pasientar med akutt tilvising til indremedisin, kirurgi og ortopedi gjeld no konferanseplikt kun ved positiv prescreening Covid-19
Det er no konferanseplikt kun ved positivt utslag prescreening test ifht Covid-19 for indremedisin, kirurgi og ortopedi. Desse skal meldast til vakthavande koronalege via sentralbord. Når de gjeld lokalsjukehusa så skal pasientar utan koronamistanke meldast til lege ved lokalsjukehuset slik som før - dette gjeld pasientar til indremedisin og skadepoliklinkk. Ved mogeleg mistanke om Covid-19 smitte eller for pasient i karantene blir pasienten ruta til FSS. Når det gjeld andre avdelingar i Helse Førde skal pasientar som før varslast til vakhavande lege. Flytskjema ved melding om pasient med Covid-19 mistanke_versjon 6.00.pdf
Taktisk samhandlingsgruppe er nedsett av kommunane og Helse Førde for å samhandle om korona, og er samansett av kommuneoverlegar, smittevern og andre fagfolk frå helseføretaket, samt tilsette med ansvar for samhandling. Gruppa har som oppgåve å følge korona-situasjonen, medverke til informasjonsdeling og utarbeide forslag og tilrådingar til fagleg gode løysingar. Gjennom god samhandling er målet å utvikle og dele løysingar som er berekraftige over tid t.d. også når det gjeld ressursbruk.
I samband med Covid-19 epidemien er det trong for kompetanseheving også innan palliasjon. Palliativt team i Helse Førde har i samarbeid med Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester gjeve tilbod om videokonferansar i ulike palliative tema. Målgruppene for møta har vore fastlegar/sjukeheimslegar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar i sjukeheim og heimetenester. Presentasjonane med bl.a. nyttige algoritmar er lagt ut i lenkene under. Behandlings-algoritmar i palliasjon_helge sarheim.pdf
Status for drift ved avdelingar i Helse Førde under Covid-19 epidemien
Helse Førde trapper for tida opp til normal aktivitet og pårørande kan igjen besøke sine på sjukehuset - men heile tida i tråd med smittevernreglane. Telefon- og videokonsultasjonar vil bli gjennomført i dei tilfeller fysisk oppmøte er unødvendig. Pasientar som blir sett opp til timar med fysisk oppmøte blir kontakta for bl.a. "prespørsmål/prescreening" Alle avdelingar er igang med innkalling, men pr no er der framleis redusert drift ved alle avdelingar. Nye tilvisingar blir teke imot og dialogmeldingar blir lest og svart ut. Ting som haster må ringast på! Konferanseplikt ved posititiv prescreeing! Nokon avdelingar har sendt oss spesifikk informasjon jfr under men endringar her vil nok komme.
Transport av pasientar med mistanke om eller stadfesta Covid-19
Til dette formålet var det inngått avtale om ei dedikert drosje i Førde, Nordfjordeid, Sogndal og Aurland. Pga svært lav bruk av desse drosjene er avtalen sagt opp fom 02.05.20. Ambulansetenesta tek då over. Eigne, noko nedstrippa ambulansar vil bli brukt og vi skal gi same tilbod for kommunane/pasientane. Uendra bestiling via AMK. Så der det ikkje er mogeleg å nytte eigen bil, og der bruk av vanleg ambulanse ikkje er aktuelt, skal desse transportane brukast og rekvireringa skje gjennom AMK på telefon 5783 0500. Der pasient har mulegheit til sjølv å ornde privat transport blir han tilrådd å bruke slik. Kan pasienten køyre sjølv eller bli køyrt til behandling.pdf
Opplæringspakke for personale ved kohortavdeling og smitteisolat ved koronavirus.
Behandlingsalgoritmen for dyspnoe inn mot livets slutt.
Kompetansesenteret i lindrande behandling (KLB) Helse Førde/Helse Vest har i høve Covid-19 pandemien oppdatert behandlingsalgoritmen sin for dyspnoe inn mot livets slutt. Gode råd her - spesielt til sjukeheimslegar. Behandlingsalgoritmen for dyspnoe inn mot livets slutt.pdf