
Aktuelt
PKO-kalender
Samhandling Sogn og Fjordane
PKO-nytt
Samhandling omkring koronapandemien - arkiv
Meir informasjon
Om PKO-ordninga
Praksiskonsulentordninga er eit nasjonalt nettverk av allmennpraktiserande legar som skal medverke til å styrke samarbeidet mellom avdelingane på sjukehuset, legane deira og andre tilsette, dei allmennpraktiserande legane og den kommunale pleie- og omsorgstenesta, til gagn for den enkelte pasient.
Ordninga vart starta opp i Helse Førde i 2007.
Praksiskonsulentane har mellom anna fylgjande oppgåver:
- Vere med på å utvikle eit godt samarbeid mellom primær- og spesialisthelsetenesta
- Tiltak for betre pasientflyt
- Utarbeiding av retningsliner for god tilvisings- og utskrivingspraksis og skriving av gode epikriser
- Vere med på å betre informasjonsflyten mellom primærhelsetenesta og helseføretaket
- Etablere og rettleie om rutinar for samhandling
- Legge til rette for gjensidig hospitering
- Arrangere fagforum for legar.
Nærare informasjon om praksiskonsulentordninga i Norge: www.pko.no
Det er etablert tre praksiskonsulentstillingar i Helse Førde - to 20% stillingar og ei 30%. Praksiskonsulentane med ansvarsområder er presentert på denne sida.
Du er no inne på PKO si aktive nettside. Vi sender regelmessig ut eposter til allmennlegane i Fylket og nokre ganger til spesialistane med påminning om nye og viktige saker som er aktuelle på nettsida. Desse erstatter brevet "Nytt frå Praksiskonsulenten" som har vorte sendt ut som epostvedlegg med ujamne mellomrom. Arkiverte brev ligg framleis i høgre kolonne på denne sida.
Her finn du elles PKO kalenderen som omhandlar kurs og konferansar spesielt aktulle for allmennlegar frå Fylket.
I same spalte finn ein også PKO prosjekt med aktuell dokumentasjon og prosedyrer samt info om gjennomførte Kurs og konferanser med linker til viktige foredrag holdt på PKO sine arrangement. Du finn elles alle utgåvene av Samhandlingsnytt her, nyttige lenker og ein del anna relevant samhandlingsstoff som er arkivert.
Det er sterkt ønskjeleg at både sjukehusavdelingane og allmennlegane i kommunane kjem med innspel til praksiskonsulentane. Samhandling har mange utfordringar, og med avgrensa tid til rådvelde er det viktig med innspel om kva ein bør prioritere.
Praksiskonsulentane
Praksiskonsulentane er i 20% stilling og har arbeidsdag i hovudsak på torsdager.

Anita Sørheim
Kommunelege/fastlege i Gloppen
PKO kontakt for kommunane i Nordfjord.
Mobil: 98878522
E-post

Normund SvoenKommunelege/fastlege i Flora/leiar for PKO i Helse Førde i 30% stilling
PKO kontakt for kommunane i Sunnfjord,midtre og Ytre Sogn.
Mobil: 957 70807
E-post
Pakkeforløp kreft og
psykisk helse/rus
Informasjon om pakkeforløp for kreft
Pakkeforløpskoordinatorar kreft i Helse Førde
Kirurgisk: Hanne Elin Skår mobil: 95 98 72 74
Lungekreft: Sven Ivar Hove mobil: 95 98 72 75
Kirurgisk /medisinsk: Ingeborg Grimset Ravndal mobil : 48 03 26 38
Informasjon om pakkeforløp for psykisk helse og rus
Pakkeforløpskoordinatorar psykisk helse og rus i Helse Førde
Sønnøve Caroline Yndestad Ramsfjell mobil: 415 30 442
sonnove.caroline.yndestad.ramsfjell@helse-forde.no
Ellinor Kleppenes mobil: 415 30 437
ellinor.kleppenes@helse-forde.no
Nyttige lenkjer
Samhandlingsnytt for Helse Førde
Nasjonal PKO side
VestlandspasientenSogn og Fjordane LegeforeningAllmennlegeforeningenLeger i samfunnsmedisinsk arbeidKurskatalogenFylkesmannen i VestlandNasjonal helseportalAvtalespesialister i Helse Vest