Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Meir om Brukarutvalet

Involvering og medverknad frå brukarane av tenestene er viktig for å sikre gode og likeverdige helse- og omsorgstenester.

​Brukarutvalet skal sjå til at den brukarmedverknaden som er føresett i lovverket og i rammeavtalen mellom Helse Førde og kommunane med tilhøyrande delavtalar vert ivareteken. Utvalet skal bidra med sine kunnskaper som grunnlag for å utforme og gjennomføre tenestene. I dette skal det og aktivt medverke til utvikling, innovasjon og forbetring av tenestene.

Brukarutvalet skal normalt ikkje handsame saker som omfattar éin kommune, men skal sjå til at brukarmedverknaden vert ivareteken i samarbeidstiltak og -område som omfattar fleire kommunar og/eller Helse Førde HF.

Brukarutvalet skal ha 10 medlemar frå aktuelle brukarorganisasjonar, og desse skal oppnemnast for to år om gongen. Utvalet skal ha fire representantar frå FFO, to frå SAFO, ein frå Kreftforeningen og ein frå Sogn og Fjordane pensjonistforbund. Det skal vidare vere ein brukarrepresentant frå eit kommunalt råd for eldre/menneske med nedsett funksjonsevne og ein frå tilsvarande råd på fylkeskommunalt nivå.

I tillegg til desse møter ein fast representant frå føretaksleiinga i Helse Førde og ein fast representant frå KS/kommunane.

Nærare føresegner for samansetjing av utvalet og oppnemning av medlemar går fram av retningslinene.

Saker og førespurnader til Brukarutvalet kan sendast til Helse Førde, postboks 1000, 6807 Førde eller via eDialog.

 

Sist oppdatert 15.03.2023