Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Meir om brukarundersøkingar

Føremåla er

  • å kartlegge forbetringsområde i tenestene våre.
  • å utvikle og forbetre tenester i tråd med brukarane sine behov.
  • at pasientar, brukarar og pårørande opplever at dei blir ivaretekne,  sette og høyrde.
  • at resultata frå undersøkingane vert nytta til kvalitetsforbetringsarbeid, for å gje auka brukarmedverknad i spesialisthelsetenesta.
  • å gje viktig styringsinformasjon til leiinga på ulike nivå, om korleis brukarane opplever kvaliteten på tenestene, samt korleis dei opplever dialogen med behandlar.

Definisjonar

Brukar:
Innlagde og polikliniske/dagkirurgiske pasientar (vaksne og born) innan somatikk og psykiatri, føresette, og pårørande.

Koordinator:
den som koordinerer alle pasienterfaringsundersøkingar i Helse Førde.

Pasienterfaringsundersøkingane vert gjennomførte med ulikt omfang/nivå:
Nasjonale (også kalla PasOpp = pasientoppleving) – i ei eller fleire avdelingar i kvart føretak i heile landet

Regionale – i ei eller fleire einingar i kvart føretak i Helse Vest, og i dei private ideelle institusjonane

Lokale – i ei eller fleire einingar berre i Helse Førde

Gjennomføring

Prosess_brukarundersøking.jpg
 

Initiering

Nasjonale pasientopplevingsundersøkingar (PasOpp) vert gjennomførte to til tre gonger årleg av Kunnskapssenteret, i samarbeid med helseføretaka. Oppdragsgjevar er Helsedirektoratet, som vedtek kva for pasientgrupper som skal spørjast. 

Lokale brukarundersøkingar vert initierte av Helse Førde, og tek utgangspunkt i:

  • ønskje/initiativ frå avdelingar
  • innspel frå Brukarutvalet, Kvalitetsutvalet, Pasientryggingsutvalet, Føretaksleiinga, eller andre funn frå uønskte hendingar, klage- og tilsynssaker m.m.
  • føringar i oppdragsdokument, styringsdokument, strategidokument m.m.
  • særskilte risikoområde
  • anna

Ein gjennomfører også ei regional brukarundersøking ein gong i året, som er initiert av Helse Vest, med innspel frå føretaka og det regionale nettverket for pasienterfaringsundersøkingar i Helse Vest.

Koordinering

Helse Førde har eigen koordinator brukarundersøkingar i Helse Førde, som mellom anna sikrar at brukarundersøkingane vert gjennomførte på same måte med felles kvalitetssikra metode og verktøy, og hjelper dei deltakande einingane med gjennomføring av brukarundersøkingar.

Utføring/innsamling av svar

Du vil, som pasient ved ein poliklinikk eller sengepost, få informasjon frå tilsette om det går føre seg ei brukarundersøking i avdelinga når du er der. Det vil også henge informasjonsplakatar i eininga, og det vil vere informasjon om undersøkinga på internettsida til Helse Førde.

Spørjeskjema som vert brukt i PasOpp har 40 – 50 spørsmål, medan dei lokale nyttar ein kortversjon, med 10 – 13 spørsmål av desse. Stort sett alle brukarundersøkingar går føre seg i ein periode på 2-3 månader.

I dei lokale brukarundersøkingane vil du få spørjeskjema i papir, eller tilgang til eit nettbrett med lenke til undersøkinga/ utlevert papirskjema, ved utskriving viss du har vore innlagt, og ved kvar konsultasjon/behandling om du er innom poliklinikk eller dagkirurgi. I 2021 opnar ein også for utsending av lenke​ til spørjeundersøking på SMS.

I dei nasjonale brukarundersøkingane får du tilsendt brev/spørjeskjema i posten, i etterkant av opphaldet/behandlinga. Du kan velje mellom å svare elektronisk eller på papirskjema.

Du vel sjølv om du vil svare eller ikkje, deltakinga er friviljug. Svara vert ikkje knytt til person, og alle opplysingar som samlast inn vert handsama fortruleg. Dei tilsette ved sjukehuset får ikkje vite om du har svart, eller eventuelt kva du har svart. Kvart einaste svar er viktig for kvalitetsarbeidet vårt, så vi oppmodar alltid alle til å svare.

Resultatbearbeiding/rapport

Resultatrapport frå Kunnskapssenteret/koordinator i Helse Førde går til leiar ved deltakande eining og klinikkdirektør for vidare oppfølging. Det vert også sendt kopi til Kvalitetsutvalet, Brukarutvalet og Fag- og utviklingsavdelinga i Helse Førde.

Oppfølging

Deltakande eining/-ar har ansvar for vurdering av resultatrapport, og oppfølging i eiga eining. Prosjekt/tiltak skal settast opp i ein handlingsplan, med tidsfrist og ansvarleg for oppfølging.

Fag- og utviklingsavdelinga - Seksjon for kvalitet og pasienttryggleik, i samarbeid med deltakande eining, vurderer rapportar frå brukarundersøkingane, for vidare overordna tiltak i føretaket, og for å informere aktuelle fora.

Publisering

Resultat frå nasjonale brukarundersøkingane vert publiserte på helsenorge.no og Folkehelseinstituttet (FHI) si nettside, og dei lokale/regionale spørjeundersøkingane på våre nettsider.

Evaluering

Deltakande eining skal evaluere gjennomførte tiltak etter ei tid.

Kontakt oss

Kari Furevik, seksjonsleiar - Kvalitet og pasienttryggleik
kari.holvik.furevik@helse-forde.no

Åse E. Stadheim, koordinator for brukarundersøkingar i Helse Førde
ase.elisabeth.stadheim@helse-forde.no

Sist oppdatert 12.07.2023