Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Parker gratis i Helse Førde

Som pasient eller pårørande kan du parkere gratis ved Helse Førde sine institusjonar. Ved Førde sentralsjukehus blir det innført parkeringskontroll. Parkerer du feil kan du få eit parkeringsgebyr.

PARKERING ER GRATIS ved alle Helse Førde sine institusjonar. Ved Førde sentralsjukehus blir det innført parkeringskontroll. Ved feil parkering kan du få eit parkeringsgebyr.

Parkering ved Førde sentralsjukehus

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:

Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet.
 

2021-04-12_Parkeringsplan.jpg

Oversikt over parkringsområde på Førde sentralsjukehus sitt område.

​Tal parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus

Pasient/pårørande parkering  100
Ordinær parkering   700
Parkering for rørslehemma  29
Ladepunkt for elbil   11


 

KORTTIDSPARKERING: Ved hovudinngangen til sjukehuset  er det parkering for av- og påstiging, maks 15 minutt.

kortidsparkering.jpg

Korttidsparkering ved hovudinngangen på Førde sentralsjukehus.

Bruk av ladepunkt

På Førde sentralsjukehus er det sett opp ladepunkt for elbil. Køyretøy skal berre stå der under lading.

Parkeringsgebyr ved feilparkering

Feil parkering som kan medføre parkeringsgebyr:
• Parkering lenger en 15 minutt på korttidsparkering.
• Parkering på handikap eller reserverte parkeringsplassar utan oblat/løyve.
• Parkering utanfor oppmerka plassar.
• Parkering i ladepunkt utan tilkopling til straum.
• Parkering på skraverte felt.


Storleiken på parkeringsgebyret.

Feilparkering: Kroner 600,-
Ugyldig parkering: Kroner 900,-
Feilparkerte køyretøy kan bli fjerna på eigar si rekning.


Rett til å klage på parkeringsgebyr

Har du fått eit parkeringsgebyr etter § 36 eller fått køyretøyet ditt fjerna etter § 38 i parkeringsforskrifta, og meiner at sanksjonen er urimeleg eller feil kan du klage til Helse Førde. Dersom du kan synleggjere dette med foto eller anna dokumentasjon som styrkjer saka di, er det viktig at du legg dette ved klagen.

Send klagen via portal/nettside www.p-klage.no   
eller per post til: Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde

Du får svar på klagen din innan tre (3) veker.


 


 


 


 

Sist oppdatert 18.01.2023