Førde Sentralsjukehus

Ladestasjonane kan nyttast av besøkande til Førde sentralsjukehus som har lasta ned appen ENERGIPLAN frå AppStore eller Google Play.
Tal ladepunkt
Ti (10) ladepunkt for 7 kWh.
Eitt (1) ladepunkt for 22 kWh.
Alle må bruke eigen ladekabel. Ladekabel type 2

Ladepunkt ved Førde sentralsjukehus.
Pris
Besøkande betaler kr 3,20 per kWh.
Når bilen er ferdig lada må bilen flyttast slik at andre gjestar kjem til. For å motivere til dette er det ei avgift på 20 øre per minutt bilen blir ståande etter at bilen er ferdig lada. Dette utgjer kr 12 per time.
Betalingskort
Om betalingskortet ikkje er godkjent vil systemet forsøke tre (3) gonger å trekke beløpet. Om det ikkje vert godkjent på desse forsøka vert det sendt ein faktura på beløpet, med eit fakturagebyr på kr 99,-.